Grønt
Comments 3

Kan eg berre få minne om…

fenomenet geriljahaging?

Butikkane er fulle av fine potter med vakre løkblomar. Den du ser til høgre her er ein narsiss eller ei påskelilje, av typen bridal crown. Er den ikkje vakker?

No i helga kjem folk til å bere heim frå mester grønn og liknande vakre løkblomar som sit på løken sin. Det eg ynskjer meg er at løkane skal få kome i jorda når dei har visna ned.

Grav løkane ned på ein jordlapp nær deg, så gler du mange neste år. Er ikkje det ein fin tanke? Det blir på ein måte ei mangedobbelt glede.

Først vert du, familien din og vennane dine som kjem på besøk glade for at blomane spring ut hos deg. Så vert tilfeldig forbipasserande glade neste vår, når løkane spring ut på nytt og på nytt.

Så legg løkane tørt til jorda er smidig, og grav dei ned slik at dei får leve vidare. Det er det dei er til for. Ha ei fin helg!

 

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Trine Thommessen says

    Helt enig i dette! Jeg har stor hage og gjør det alltid. Også potterosene kommer i jorda og blomstrer igjen og igjen.

  2. Lovise says

    På di oppfordring planta eg haugar av påskeliljelauk i Svartdalsparken i fjor! Dei fekk eg for 10 kr potta hos grønthandlaren min, av den grunn at dei var avblomstra og han ikkje fekk selt dei. No er det så mykje snø at dei blir vel meir st.hansliljer enn påskeliljer, men det er moro med geriljaaktivitet!

Leave a Reply