Billig mat, Kjøtt, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Marokkansk lammegryte

Eg held meg rundt middelhavet for tida, og i dag tek eg deg med til Marokko. I Marokko er lam mykje brukt i gryter og supper.

Denne helga lagde eg lammelåret som skal få pryde Sunnmørsposten på laurdag, og sidan vi var berre fire til bords vart det mykje lam til overs. Denne gryta er ein fin måte å få brukt opp slike lammerestar på. Ofte får ein for mykje kjøt, men ikkje nok til ein full middag til. Men i ei gryte er det nok til mange.

I Marokko vert gryterettane stort sett lagde i ein tagine, ei leirgryte med eit høgt, spisst lok med opning for dampen øverst. Desse grytene står på eit stativ i bålet i dei tradisjonelle beduinleirane. Eg har ikkje ei slik gryte, og har ikkje funne ei heller som fungerer på vanleg komfyr, så eg brukar ei låg, vid stålgryte eller jerngryte.

Det marokkanske kjøkkenet har enkelte særtrekk. Det vert brukt mange varme krydder, ofte krydder vi forbitt med søt mat, som kardemomme, kanel og koriander. I tillegg er sitrus viktig.

Couscous er den marokkanske ekvivalenten til ris, det er grove semulegryn. I butikkane rundt her eg bur finn eg mest fin couscous, men når eg finn den grovare typen kjøper eg det. Den klistrar seg ikkje så lett saman i klumpar. Couscous er lettvint tilbehør, men du må passe på når du lagar det, så det ikkje vert liggande i gryta utan å bli rørt i. Då får du ein tung kladd i botnen før du veit ordet av det. Ha litt feitt i form av smør eller olje i kokevatnet, det hjelper på.

Med ferdig steikt lammekjøt er denne gryta skikkeleg hurtigmat. Eg trur eg brukte eit kvarter frå eg byrja å kutte løk til eg var i mål. Slik gjorde eg det:

Marokkansk lammegryte til fire personar

Ein stor løk

8 svisker

4 dl kraft, buljong eller fond oppløyst i vatn

To boksar hakka tomatar

1 ts korianderfrø

1 ts spisskummen

3-4 kardemommefrøkapslar

1/2 ts kanel

Ein boks kikerter

500 g steikt lammekjøt

Salt, peppar og olje til steiking

Varm opp olje i ei låg, vid gryte. Rens løken, og del den i båtar. Fres den i oljen saman med alt krydderet. Gni kardemommekapslane og korianderfrøa litt mellom hendene før du har dei oppi gryta. Kutt sviskene i strimlar, og ha dei i gryta. Slå på kraft og tomatar, og la det koke nokre minutt. Ha i kikertene, og smak til med salt og peppar. Er tomatsmaken litt for syrleg, kan du runde av med litt honning.

Ha i kjøtet til slutt, og la det heile bli gjennomvarmt. Poenget med å ha kjøtet i til slutt er at det trevlar seg så lett, og det ser ikkje så delikat ut. Mitt tips er at du rører minst mogeleg etter at kjøtet har kome i.

Couscous

300 g couscous

4 dl vatn

Salt, evnt. kraft/buljong om du vil og har

1 ss sitronsaft

Litt smør

Slå vatnet i gryta saman med salt, eventuelt buljong eller kraft og sitronsaft. Ha i smør og, eg hadde eit kryddersmør med tomat som måtte brukast opp. Difor er min couscous mørk i fargen. La det heile koke opp. Ha i couscousen, rør litt og slå av varmen. Rør i couscousen med ein halv ballongvisp eller gaffel etter eit par minutt for å forhindre at den klumpar seg. Gjenta dette jamnt og trutt til alt er klart.

Legg couscousen opp på tallerknar i ein haug med ei dump i. Legg lammegryta i dumpa. Dryss på mandelflak om du har. Enjoy!

This entry was posted in: Billig mat, Kjøtt, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply