Å spise lam i påska er noko eg er vand med frå eg var lita jente, og vi fekk servert eit lammelår som var drege i pulk opp til hytta og steikt i vedfyrt omn. Seinare i livet har eg valt å droppe det med skigåinga, så lammelåret vert steikt i bynære strok. Denne påska er det vel dei færraste som skal på ski, men lam er godt uansett.
Eg er ikkje så oppteken av å gjere mat komplisert. Min mat er ofte enkel og liketil, men det gjer den ikkje mindre smakfull. Lammelår vert ofte servert med poteter, saus og grønsaker, men i dag får du oppskrift på ein ny vri på lammetilbehøret. Denne påska serverer eg lam med bulgur og tsatsiki.
Lammet kan settast i omnen i god tid, og steike medan ein går ein tur eller driv på med andre ting. Eg brukar steikepose til lammelåret. Grunnen til det er at kjøtet vert saftigare, kjøtsafta fordampar ikkje like mykje som når låret står ope i omnen. Det held også betre på krydderet som eg gnir inn kjøtet med. Sjya som samlar seg inne i posen er perfekt til å lage saus med, eller som eg brukar det, til bulgurkraft.
Eg får slaktaren min til å skjere av beinet ved lårbeinkula, og la kjøtstykket nedanfor lårkula sitte på. Det foldar eg inn mot lårbeinet og knyter fast, og så får eg ei meir kompakt steik som det er lettare å skjere fine stykke av.
Enkelte i vår familie insisterer på at det må vere poteter til kjøt, så dei får vinaigrettepoteter i staden for bulgur. Oppskriftene er til seks personar.
Eit lammelår, ca. 2 kg
2 ts rosmarin
Salt og peppar
3-4 fedd kvitløk
Set omnen på 125 grader. Salte kjøtet godt, og skjer små snitt djupt i kjøtet med ein liten, skarp kniv. Del kvitløksfedda i skiver, og dytt ei skive ned i kvart snitt. Kvern over peppar og dryss på tørka rosmarin. Ha kjøtstykket i ein stor steikepose, og legg det i ei langpanne. Set kjøtet inn i omnen, og la det steike i rundt tre timar. Dette gjev godt steikt og mørt kjøt. Vil du ha kjøtet rosa, så bruk steiketermometer, og ta det ut når termometeret viser 67-68 grader. La det kvile eit kvarters tid før du skjer i kjøtet.
4 dl kokande vatn
5 dl grove bulgurgryn
Steikesjy frå kjøtet
Ein grøn paprika
To stilkar stangselleri
150 g sukkererter
Fire stilkar vårløk
Ha vatnet i ei gryte saman med steikesjya. Ha i bulgurgryna, og la det koke opp. Slå varmen ned på lågaste stille, og la det stå å dampe i 10-15 minutt til gryna er møre. Smak på dei undervegs. Smak til med salt og peppar viss smaken er tam.
Rens og snitt grønsakene fint. Vend alt unntatt vårløken inn i bulguren, og la det stå under lok på avslått plate i nokre minutt. Ha i vårløken rett før servering.
Tsatsiki
1 beger lett creme fraiche eller matyoghurt
1 agurk
1 ts salt
to klyper svart peppar
1 fedd kvitløk utan det grøne
1 ts dill
Riv agurken på ei fjøl, og la den renne av. Eg brukar legge den i kraftig kjøkkenpapir, og klemme væta ut av den. Knus eller finhakk kvitløken. Bland saman yoghurt, kvitløk og riven agurk, og smak til med dill, salt og peppar. La tsatsikien stå og trekke litt før du smakar til på nytt. Syns du den vert for syrleg og skarp så smak til med litt honning.
1 kg små poteter
1 dl kvitvinseddik
½ ts urtesalt
1 ts sukker
1 ts sennep
2 dl olje
To eggekviter
Vask potetene, og kok dei møre. Legg dei på fat og la dei bli lunka.
Bland saman alle vinaigretteingrediensane i ein høg bolle, og køyr den glatt med stavmiksar. Smak den til. Slå vinaigretten over potetene og server.
Har du faste poteter kan du ha dressingen på i god tid. Med mjølne poteter, som lettare trekker til seg dressing, kan det vere lurt å vente til like før servering.
Eggekvitene i dressingen gjer at den emulgerer, og vert stabil. Oljen og eddiken skiljer seg altså ikkje slik som ein vanleg vinaigrette.
Jeg vil spise hos deg – igjen! 😆 Det ser kjempegodt ut. Jeg er også vant med lammelår i påska, hos oss 1. påskedag, men har ikke alltid fulgt det slavisk. I år kan det hende det blir påskelam på fredag istedet, det avhenger litt av vertskapet på hytta (siden vi reiser igjen påskeaften). Alternativet er reinskav, så jeg klager ikke uansett!
Ha ei kjempefin påske, fine du!
Jeg vil også spise hos deg … Synes du bør holde middagsselskap for alle bloggfølgerne dine 😉
M:)
Hei, Magne fra VG Nett her. Nå har jeg lagt innlegget ditt som helgens anbefaling på Lesernes VG.
det der så jammen fristende ut, hvorfor ikke prøve noe nytt? Elsker både lam, bulgur og tzatziki!
Dette så ufatterlig godt ut:)
Namnam æ kommer på middag æ au);;