Gjærbakst, Middag, Veggis
Comment 1

Ostebrød frå Berlin


Kva et dei i Berlin? Det fekk vi høve til å finne ut då vi var der no i påska.

For meg er matstellet på nye stader ein av dei viktigaste grunnane til å reise. Det er alltid spennande å sjå korleis det ein et endrar seg frå land til land. Like spennande kan det vere å sjå likskapane, at du finn dei same rettane frå land til land, berre med nye namn.

Det tyske kjøkkenet er veldig variert, som det naturleg er i eit land med over åtti millionar innbyggarar. Pølser og øl er sterkt tilstades, men tysk mat er også inspirert av polsk og tjekkisk mat, og frå deira nye landsmenn, i overvegande grad tyrkarar. Difor finn du gulasj-liknande rettar side om side med falaffel, døner kebab og pitabrød.

 Nettopp pitabrødet har inspirert mi tyske venninne til å lage eit ostebrød. Pitabrød i Tyskland er ikkje små, runde ”lommer”, men store flotte leivar med sesamfrø. Ursula fyller brødet med ein krem av fire ulike sortar ost, krydra med kvitløk. Kvar gong vi kjem til henne bakar ho dette brødet til oss.

Eg sleit med å finne den same typen brød her i landet, så eg bakte mitt eige store pitabrød for å lage ”Käsebrot” til min familie. Slik gjorde eg det:

Pitabrød til åtte

500 g mjøl

Ein halv pakke gjær

1 ss olje

3,5 dl lunkent vatn

1 ts salt

2 ss sesamfrø

Egg til pensling

Ha lunkent vatn i ein bolle, og løys opp gjæra i vatnet. Ha i olje og salt, og elt inn mjølet litt og litt. Kanskje brukar du alt mjølet og treng litt meir, kanskje er 500 g for mykje. Prøv deg fram til du får ein passe fast deig, ikkje for blaut og ikkje for fast. Elt deigen i fem minutt.

Set omnen på 220 grader. La deigen kvile eit kvarters tid før du kjevlar den ut til ein 2 cm tjukk runding. Legg leiven på ei bakeplate som du har strødd med mjøl. Prikk rundingen med gaffel eller liknande, og pensle med egg. Strø på sesamfrø. La leiven heve i 30 minutt. Set den i omnen, og steik leiven på 220 grader i 12 minutt. La den kolne på ei rist.

Ostekrem

150 g gulost

150 g fetaost

150 g kremost, philadelphiatype, ikkje light

150 g brie utan skorpe

3 fedd kvitløk

Eit egg

Litt salt og peppar

Riv gulosten, smuldre fetaosten og ha brie og kremost saman med gulost og feta i ein romsleg bolle. Knekk i egget, og ha i finhakka kvitløk. Bruk ein handmiksar, og køyr dette til ein nokolunde glatt masse. Smak til med salt og peppar.

Del pitabrødet i to langs kanten, og legg ostemassen på den nedre delen. Legg på loket. Legg brødet i ei eldfast form eller på eit bakebrett, no er det ikkje nødvendig med bakepapir. Bak pitabrødet i 6-8 minutt, til osten har smelta. Server umiddelbart med eit godt glas raud vin, og gjerne ein salat.

This entry was posted in: Gjærbakst, Middag, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s