Fest, Noko søtt, Safting og sylting
Comments 2

Alt godt på radio!

Berre i NRK Møre og Romsdal, men likevel; i dag mellom elleve og tolv skal eg snakke om mai-kaker. Oppskrifta eg kjem til å presentere er denne oppskrifta på frosen ostekake som eg har fått av Heidi:

Har du laga denne kirsebærkaka ein gong vert det neppe siste. Ho er aldeles nydeleg og du slepp at ho dett ned, brenn seg eller blir mislykka. Eg er overbevist at dette vert far sin klassikar i alle gebursdagar og konfirmasjonar frametter våren. Du kan godt bruke ein pakke ferdig kirsebærkompott, men eg har steinfrie kirsebær i frysaren.

Kvar haust kjem det ein bil frå Austlandet til Volda som sel frosne bær, og i haust selde denne bærmannen steinfrie kirsebær. For oss som ikkje likar å spytte kirsebærstein er dette ein fulltreffar. Eg lurer på kva maskineri som gjer bæra steinfri, men sidan ho kjem frå Sverige er vel det mogeleg, eg er i alle fall imponert!

Kirsebæriskake

15 kornmokjeks

Fyll:

3 egg

2 dl sukker

1 pakke kremfløyte (3 dl)

I pakke philadelphiaost (naturell)

Knus kjeksa godt og legg dei i botnen på den eldfaste forma. Pisk eggedosis av eggeplomme og sukker. Rør kremosten mjuk, og pisk den inn i eggedosisen. Stivpisk kremfløyten, og bland den inn. Pisk dei tre eggekvitene du har igjen stive, og vend dei inn i røra heilt til slutt. Slå røra i forma og set ho i frysaren.

Slå 1 pakke kirsebærkompott over kaka når du tek ho opp. Dette vert ei iskake som vil smelte etter 4-5 timar, så ta ho opp av frysaren rett før servering.

This entry was posted in: Fest, Noko søtt, Safting og sylting

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Marita Hagen Knotten says

    Hei på deg<3
    Kjekt å høyre deg på lokalen, ein av få som våga seg frampå.
    Skal jammen prøve kaka di, også:)
    Her har folket lagt elsk på 4-kløverkake som eg snart lagar i blinde:)
    Så synest eg det er synd at dei gode, gamle, runde sjokoladekakene (eks tropisk og romkake) har forsvunne frå kakeborda.
    Takk for at du gir av "deg sjøl":)))

Leave a Reply