Fest, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Mat, Middag, salat, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 2

Festmat i mai

I mai kjem festdagane tett som hagl, og spekemat og grilling har lett for å gå igjen på menyen.

 Men det er kjekt med nye rettar på festbordet, og her kjem ein dose inspirasjon frå meg. Desse rettane er enkle, ikkje så dyre og med spennande smak.

I dag får du oppskrift på kyllingfilet med salat og saltbakte poteter. Kyllingen kuttar eg i strimlar, og så steiker eg den og serverer med ein sterk og søt mangosaus. Har du det travelt kan du bruke vanleg søt chilisaus på flaske, som du finn i butikken. Steiker du kyllingen i olje er denne retten også mjølke- og glutenfri. Slik gjer du det:

Kyllingfilet med sterk mangosaus

Mangosaus:

3 dl eple- og mangojuice

Raud chili etter smak

1-2 ts maisenna

2 ss vatn

Salt og peppar

Kok opp juicen, og skum av. Ha i finhakka chili, og la det koke litt. Det er best å byrje med litt chili, og så heller ha i litt meir om du syns sausen treng meir punch. Rør ut maisennamjøl i vatnet, og slå i sausen litt og litt, til den er passe tjukk. Smak til med salt og peppar. Sett til side.

800 g kylllingfilet

Salt og peppar

Smør eller olje til steiking

Lime

Strimle kyllingfileten i lange strimlar. Steik den i smør og dryss på salt og peppar. La den gjerne ettersteike litt i omnen.

Legg på fat, og ringle over mangosaus. Press over safta av ein halv lime, og pynt med limebåtar.

Saltbakte poteter

Bruk små amadine-poteter. Vask potetene godt. Ha potetene i ei kasserolle og kok dei i ca 7 minutt.

Legg potetene i langpanne saman med mengder av grovsalt. Stikk nokre små hol i potetene med ein gaffel. Dryss over litt rosmarin og ein skvett olje. Bak dei i omnen på 200 grader i ca 15 minutt.

Nudelsalat

200 g eggnudlar

4 ss olivenolje

4 ss sitronsaft

1 ts malt ingefær

Vårløk

Agurk

Blanda salat

Raud løk

Eddik til marinade

Kutt raudløken fint, og legg den i eddik til marinering. Dette kan du gjerne gjere i god tid før servering.

Kok nudlane i godt salta vatn så lenge som det står på pakken. La dei renne av i eit såld før du har dei tilbake i gryta. Bland saman olje, sitronsaft og ingefær, og vend nudlane i dette i gryta. La det heile kolne.

Finhakk vårløken. Skrell agurken, del den i to, fjern frøa og kutt agurken i strimlar med ein ostehøvel eller liknande. Skyll salaten og tørk den.

Bland alt saman på eit stort fat. Server med appelsinvinaigrette.

Appelsinvinaigrette

3 ss appelsinmarmelade

3 ss vineddik eller annan kvit eddik

2,5 dl olivenolje, extra virgin

Urtesalt og nymalt peppar

1 eggekvite

Litt vatn

Varm opp marmeladen med eddiken. Det skal ikkje koke, berre varmast opp slik at marmeladen smeltar. Ha i eit blenderglas og køyr glatt med olivenoljen. Smak til med urtesalt og peppar.

Ha i eggekvita til slutt, og køyr den litt til med stavmiksaren. Eggekvita gjer at dressingen emulgerer, olje og vatn blandar seg. Spe med litt meir vatn viss du syns dressingen vert for tjukk.

2 Comments

  1. Pingback: Fleire mai-rettar: Grøn ertesuppe « Alt godt

Leave a Reply