Eg hadde ein maimeny i Sunnmørsposten på laurdag, der presenterte eg oppskrift på kylling med saltbakte poteter og nudelsalat, og rabarbrarull til dessert.
Forretten til maimenyen er ei grøn og frisk ertesuppe. Den er ganske langt frå den gule som du kan få til pannekakene. Denne er rask å lage, og den blir også best om den vert lagd rett før servering. Eg garnerer den med reker, men den kan også pyntast med krutongar, ein rømmeklatt eller med litt sprøsteikt bacon. Denne suppa er gluten- og mjølkefri, og med grønsaksbuljong er den også eit godt vegetarisk alternativ på bufféen. Slik lagar eg den:
100 g løk, vårløk eller purre
2 ss olivenolje
Ein liten skalk sellerirot eller to selleristilkar
1 liter vatn
Ein buljongterning eller 1 ss flytande buljong
500 g grøne erter
Fire mynteblad viss du har
Salt og peppar
Varm opp oljen i ei gryte. Hakk løken fint. Skrell og hakk sellerirota i små terningar. Surr grønsakene til løken er blank og fin, og slå over vatnet. Ha i buljong, og la det koke i 10 minutt. Ha i ertene, og la suppa koke opp att.
Hakk mynteblada fint, og ha dei i. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar, og smak den til med salt og peppar. Server i små glas. Tre to nypilla reker på ein tannpirkar eller eit lite grillspyd, og legg på glaset som garnering. Eg serverer denne suppa i småglas, mine er faktisk til telys, kjøpt på IKEA. Skal dette vere ein ordentleg forrett bør du bruke litt større glas eller pene suppeskåler.