Fest, Middag, Pai, Veggis
Comments 2

Vårmat – frittata med jordskokk og asparges

Asparges og jordskokk er perfekt vårmat. Men passar dei saman?

Eg er så heldig at eg har asparges i hagen min, og dei fleste vert etne rå medan eg held på i hagen. Men av og til kjem det så mange så fort at eg kan ta dei inn og bruke dei i ein middag.

Venninna mi har jordskokkar, og kvart år til bursdagen min i mai kjem ho over plenen med ei korg full. Jordskokkar er eigentleg eit ugras, tenk nøye over kvar du plantar dei. Dei invaderer gjerne pene staudebed og grønsakshagar viss dei får lov.

 Jordskokken veks og kan haustast heile vinteren, så sant du klarer å grave i jorda. No på våren er den på sitt største, og du finn den i velassorterte grønsaksbutikkar.

Den er svært næringsrik, men karbohydrata i jordskokken er ein sjeldan type som kallast inulin. Dette karbohydratet vert ikkje teke opp i kroppen på same måte som andre karbohydrat, så blodsukkeret stig sakte og fell sakte når ein et jordskokk. Smaken er nøtteaktig, med eit hint av trøffel, og eit søtleg preg.

Så i dag hadde eg asparges og jordskokkar i kjøleskapet, og det må ein vel kunne finne på noko med? Eg kutta jordskokkane i tynne skiver, og lagde ein slags frittata av det heile. Frittata er ein italiensk omelett som eigentleg blir laga med poteter og løk. Tynne potetskiver og løkskiver vert lagt lagvis i ei eldfast form eller i ei steikepanne, og så blir det heile bakt lenge og vel til potetene er møre og det heile smakar himmelsk, så enkelt som det er.

Ein kan gjerne kalle det eg lagde ein grateng, og det same fyllet kan brukast i ein pai. Kjært barn kjem i mange variantar. Kor mange egg du treng i denne frittataen varierer med kor stor form du har. Eg hadde ei ganske romsleg form, så då måtte eg bruke mange egg for å fylle den opp. Slik gjorde eg det:

Frittata med jordskokk og asparges

5-6 store jordskokkar

Ein bunt asparges, ca. 400 g

Ein stor gul løk

150 g manchego

10 egg

2 dl fløte, kremfløte eller matfløte

1 ts salt

1/2 ts kverna peppar

Sett ovnen på 180 grader. Skyll jordskokkane godt, og skrell dei. Knekk av aspargesen på det lågaste punktet den gir etter på stilken når du prøver å knekke den. Skrell nederste del av aspargesstilken for å få bort det som er treent. Skrell løken.

Kutt jordskokkar og løk i tynne skiver, eg brukte ein såkalla mandolin. Då kuttar du grønsakene tynt og jamnt fort, og utan å skade fingrane. Forvell jordskokkskivene i to minutt i fosskokande vatn. Ta skivene opp, og la dei renne av på eit papir. Smør ei eldfast form, og legg eit lag med jordskokkskiver i botnen. Legg eit lag med løk oppå der, og så eit lag med asparges. Fortsett til du har brukt opp både løk, jordskokkar og asparges.

Visp saman egg, fløte, salt og peppar, og hell over grønsakene. Riv manchego-osten grovt. Du kan bytte den ut med annan, fast, gul ost. Fordel den utover forma.

Bak frittataen til grønsakene er møre, ca. 20-25 minutt. Eg serverte min frittata med sprø, friske reddikar, rømme krydra med litt urtesalt og litt spekeskinke.

Denne frittataen passar godt på ein buffé, du kan til dømes lage den i ei brødform, og skjere dekorative skiver. Servert åleine er den vegetarisk, og med laktosefri fløte er den også god for mjølkeallergikarar. Den er også fin til forrett.

2 Comments

  1. Jordskokk – hovedsesong nå? På den nordlige halvkule bør jordskokken ha høysesong i oktober-desember. Hvor kommer den du finner saftig og fin nå fra opprinnelig? (Mine er nemlig i god vekst og absolutt ikke egnet på kjøkkenet lenger.)
    Ellers finner man også inulin i sikorirøtter. Inulin er en del av en sukkergruppe kalt FOS – fruktooligosakkarider – som regnes som et probiotikum. (Og det er den delen som kan gi gassdannelse i en mage som ikke er «vant».)

  2. Spanande oppskrift! Eg samlar på nye måtar å bruke jordskokkane mine på, og dette var ein ny vri. Takker!

Leave a Reply