Fest, Kjøtt, Middag, Sausar og dippar
Comments 6

Ja, vi et Rudolf

Mine amerikanske vener ser med sjokk og vantro på at vi et Rudolf.

I svigerfamilien finst det jegerar, og jegerar kjem attende med slakt, deriblant reinsdyr. Nokre bitar av desse reinsdyra endar opp i frysaren hos oss. I helga tok vi opp ei diskret lita steik, i utgangspunktet var den nærare to kilo. Etter at den var reinskoren, mellom anna for eit stykke ribbein, var den 1,2 kg. Perfekt storleik for ein liten familie.

Når ein skal skjere reint kjøt er det fleire ting ein bør tenke på. For det første; fjern alt bein. Å steike kjøt på beinet tek lengre tid, og dessutan kan ein koke kraft på beinet. Klassisk vinn-vinn-situasjon.

For det andre; alt kjøtet treng ikkje henge saman. Har du bomullstråd kan du knyte steika saman slik du vil ha den. Får du bitar av kjøt som ikkje heng saman med sjølve steika så gjer det ingenting. Skjer steika opp, legg bitane inni, krydre og bind i hop.

For det tredje; fjern alle perlemorsfarga sener. Gjennom kjøtet går det kvitaktige sener som du kjenner er seige. Når dei er varmebehandla er dei om mogeleg endå seigare. Difor er det like godt å fjerne dei først som sist.

Slik gjorde eg det:

Reinsdyrsteik

minst 250 g kjøt per person

Salt og peppar

1 pk kremfløte

Soppmjøl om du har

Litt rognebærgelé

Litt tomatpuré

Olje og smør til steiking

Vatn

Set omnen på 125 grader.

Skjer bort bein og sener. Knus peppar i ein mortar. Eg brukte ei blanding av kvit og svart peppar, korianderfrø og sennepsfrø. Legg kjøtstykket på ei fjøl, og dryss salt og peppar inni. Har du andre kjøtstykke til overs etter reinskjeringa, så legg dei inn i kjøtstykket, og surr det tett saman. Knyt det fast med bomullstråd.

Varm opp litt olje i ei jernpanne. Ha i litt smør, og legg i kjøtet. Brun kjøtet på alle sider. Legg kjøtet i ei eldfast form, og sett i steiketermometer. Steik kjøtet på 125 grader i nærare to timar, til det har nådd kjernetemperatur på 65 grader. La det kvile under folie medan du kokar poteter og rosenkål.

Dryss litt soppmjøl i steikepanna viss du har. Slå på 2-3 dl vatn og kok ut panna medan du rører godt. Slå på meir viss det trengst. La det heile koke nokre minutt. Sil avkoket over i ei lita gryte. Slå på fløte, og la det koke opp. Smak til med salt, peppar, rognebærgelé og litt tomatpuré. La koke litt til det tjuknar.

Skjer steika i tynne skiver, og server med saus, kokte poteter og rosenkål.

This entry was posted in: Fest, Kjøtt, Middag, Sausar og dippar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. maiblomst says

    Mmmm! Me åt Bambi i Påska, hos mine foreldre;-)
    Veldig mørt og godt kjøt, og myyykje kjøt på eit lite lår!

  2. Rudolf er snaddermat! da jeg var barn hadde vi knapt nok annet kjøtt, bortsett fra ribba på julaften. Nå som jeg er voksen og har mindre tilgang på reinsdyrkjøtt har det blitt mer høytid over det.

  3. Jeg lo godt her nå når jeg leste overskriften, de har jo vilt-jegere over there også.. Men, ja i disse «altkjøpespåbutikken»-dager så er det mye folk har glemt om hvor kjøtt kommer fra og hva man spiser…

    Men nå må jeg innrømme at jeg ble skrubbsulten av å se på steken og rosenkålen…… mat,jeg må ha mat..

  4. potentilla says

    Det gleder meg. Spis så mange som overhodet mulig….

  5. Lovise says

    Til det om å fjerne beinet: Jeg steiker ikke magert vilt på beinet heller. Men feitere saker, som lam, gris og noen ganger okse/kalv steiker jeg ofte på beinet – synes det blir saftigere og fint, og krafta blir jo super – like bra som å koke krafta separat hvis en beiner ut steika. Hva mener du?

  6. Eg beinar ut magert kjøt som du, og eg beinar også ut lammelår. Lammebog og skank syns eg blir best på beinet. Når det gjeld gris og storfe er prisskilnadane så små at eg stort sett kjøper utbeina kjøt.

Leave a Reply