Day: 09/07/2011

Slik var bordet pynta

Eg syns alltid det er spennande med bordpynting, sikkert fordi eg ikkje føler meg som spesielt trygg i faget sjølv. Eg har skrive litt om bordpynting her før, og eg er oppteken av at ein kan få det fint, ja til og med imponerande og lekkert, med enkle middel. I bryllupet til verdas mest forelska par var fargane dempa, med beige, brunt og lavendel/pudderfarge som gjennomgangstema. Blomane som var brukt i dekorasjonane var roser og fresia, i buketten var det i tillegg brukt peonar og olivengreiner. For å fylle ut var det brukt ulike typar strå. Rosene var store, men ikkje prangande i fargen. Kan eg kalle dei lavendelrosa? Borddekorasjonen besto av vasar, du finn same typen på IKEA. Kvar vase var fylt med to roser, ei kutta litt lengre enn den andre, og ei grein med fresia. I vatnet låg det nokre roseblad. Vanlegvis er dette fy-fy i bukettar, men desse skulle så så kort, så det gjorde ingenting, det skapte berre farge ned mot bordet. Det heile var runda av med to-tre slanke strå …