Middag, Pasta
Comments 8

Pasta carbonara

Pasta Carbonara er ein enkel rett, men det krev litt handlag å kontrollere temperaturen i panna når du lagar det. Trikset er at egga er med på å tjukne sausen, men vert det for varmt vert sausen klumpete på grunn av at egget koagulerer, og det er ikkje så stilig. På grunn av dette bør gjestane vente på middagen, og ikkje omvendt. Denne retten er ikkje noko særleg å varme opp att som restemiddag, men nylaga er det noko med det beste eg får.

Pasta carbonara er fin å lage viss du har lagd noko som krev eggekviter, då har du eggeplommer til overs, og det passar strålande til pasta carbonara. Vi lagar det alltid når eg bakar plettar til jul, då står eg der plutseleg med seks eggeplommer for mykje. Kolesterolbombe, ville vel ein lege kalle den middagen. Første gongen ei av kusinene mine fekk dette til middag sukka ho og sa: Eg visste ikkje at det fantest så god mat!

Mange hevdar at det ikkje er pasta carbonara når det er fløte i sausen. Det øyret høyrer eg ikkje på. Eg syns det er deilig med fløte i , og då lagar eg det slik. Vil du gjere dette heilt autentisk, så bytt ut fløten med bittelitt av kokevatnet.

Slik gjer du det:

Pasta Carbonara

400 g spagetti

200 g bacon (eg kjøper baconskalkar, godt og billig.)

100 g riven kvitost, gjerne parmesan

2 dl kremfløte

3 eggeplommer eller 2 heile egg

1/2 ts salt

Kverna peppar

Kok pasta slik det står beskrive på pakken. Kutt bacon i ganske små bitar og steik det på middels varme. Bland fløte og eggeplommer (eller heile egg), salt og peppar i ein liten bolle. Slå vatnet av pastaen med eit dørslag. Ha spagettien tilbake i gryta, og rør inn eggeblandinga.  Ha i osten og bacon- eller skinkebitane og sett gryta tilbake på plata på svak varme. Rør rundt i eitt til to minutt til ”sausen” tjuknar og osten har smelta.

Kvern litt meir peppar over, og server, fort! –Med godt brød til!

This entry was posted in: Middag, Pasta

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Spis carbonaraen med god samvittighet – det er «ut» at egg forårsaker kolesteroløkning i blodet.

  2. Det er vel uansett såpass mye bacon og fløte her at det neppe er tilrådelig å spise dette hver dag 😉 Men styggelig godt, det er det.

  3. Dette skal vi lage ein av dei næraste dagane! Det er yndlingsretten til ein av karane!

  4. Mmmm..min favoritt ja.. Og gode barndomsminner ilag m deg, Gunda, følger med denne retten. Ikkje minst gode oslominner blei det ut av denne retten. Ingen lager den så god som du!!

  5. Pingback: spaghetti carbonare | oppskrifterogkosthold.com

  6. Pingback: Ein klassisk pavlova | Alt godt

Leave a Reply