Frustrasjonar, Livet
Comments 7

Ikkje la angsten styre!

Eg les at foreldre vil halde barna sine heime frå Norway Cup. Det gjer meg trist og fortvila.

Ta byen tilbake, var oppmodinga frå politiet. Den kom ikkje i går, men laurdag morgon. Oslofolk vart oppmoda til å ta byen i bruk igjen, vere der for kvarandre og ta vare på kvarandre.

Det har vi gjort, vi som bur her og tilreisande. Vi går rundt i gatene, litt rolegare enn før, vi ser på blomane som fyller byen og vi les på korta som barn og vaksne har hengt opp  og lagt frå seg. Vi har teke byen tilbake. Vi let ikkje angsten styre.

Min femtenåring må ta trikken i staden for 37-bussen, men ho dreg ned til byen på jobb kvar dag, og brenn lys for dei døde og sakna i butikken der ho jobbar. På den måten, og ved å prate med vennar bearbeider ho sorga over å miste folk ho kjente og hadde samarbeidd med.

Eg vil våge denne påstanden: Ved å halde barna heime frå Norway Cup skaper foreldra angst i barna sine.  Unødvendig angst. Oslo er ein trygg by, tryggare enn nokon sinne, særleg i området rundt Ekebergsletta og skulane der barna skal bu. Norway Cup samarbeider tett med politiet og Røde Kors, og gjer alt dei kan for å gjere dette til eit flott og trygt arrangement.

For barn og ungdom rundt om i landet så er eg sikker på at dette er ein måte å bearbeide sorga på: Å kome hit, sjå korleis vi taklar dette og lever oppi det, og å møtest med andre på same alder frå heile landet og snakke om det som har skjedd. Legge ned ei rose i fontena på Youngstorget og gå over Rådhusplassen.

Eg trur det er kvar enkelt forelder sin personlege angst som får dei til å nekte barna sine å reise. Ei sikkerheitsvurdering ligg iallfall ikkje bak. Då hadde dei ikkje kunna reist på Norway Cup i eit «normalår» heller. Eg kryssar fingrane for at dei foreldra som er engstelege og vurderer dette bestemmer seg for å la barna reise.

Det bør ikkje plantast angst i barn. Gjer dei trygge, lær dei å vurdere risiko og la dei gå ut i byen. Å lære å mestre byen er viktig, med eller utan gale bombemenn.

(I dei tilfella der barnet sjølv ikkje vil reise må ein sjølvsagt respektere dette ønsket. Det eg snakkar om her er når barna vil reise, men dei vaksne vurderer å nekte dei det.)

This entry was posted in: Frustrasjonar, Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Eg er einig med deg. Vi har to som skal dit, og dei gler seg. Tidlegare år har eg og tenkt tanken «Tenk om …», slik sikkert mange mødre og fedre gjer før alle leirar o.l.. I år er det ekstra viktig at vi tek kvardagen og leiken attende.

  2. Syns foreldrene må gjøre det de føler er riktig, sammen med barnet som skal dit.

    Ellers er jeg helt enig.

  3. Pingback: For de stadig berørte | agnete

  4. Yngste englebarn har vært på Ularm i Kongsvinger snart en uke. Jeg henter henne og kontrabassen, saxen, ukulelen, malesakene og flere kolli med generell oppakning i morra. De innledet med roser rundt vannspeilet i Kongsvinger. Det tror jeg de gjorde på Norway Cup, på Venstres leir på Tromøya og sikkert de fleste andre steder hvor ungdom samles denne uka også. Kudos til dem, de slutter ikke å engasjere seg i det de brenner for – uansett hva det er.

Leave a Reply