Ferie, Grønt, Reise
Comments 4

Steg for steg i ny by

Vi kosar oss i Oxford, med nye menneske og nye plassar å utforske. Vi nærmar oss byen steg for steg.

I forgårs dro vi til Magdalen Bridge, og spiste på ein pub der. I går drog vi over brua, og byrja å utforske nærområda rundt Magdalen College. Ein skulle tru at Magdalen College uttalast magdalen, men det gjer det ikkje. Mådlin er korrekt uttale lærte vi i dag. Om det også gjeld Magdalen Street, som er vår forbindelseslinje ut i verda er uklart. Bussjåførane er spanske eller nederlandske, og hissige alle saman, så vi spør ikkje dei.

Rett på vestsida av Magdalen bridge ligg Oxford University Botanical Garden.

Vi byrja der, og det var eit godt val. Det er ein fin botanisk hage, velstelt og pedagogisk oppbygd med god skilting. Den ligg langsmed kanalen, og dermed midt i eit idyllisk landskap.

Det er i det heile mange idyllar i Oxford. Fine bruer, lekre beplantingar og staselege gamle bygg er med på å sette stemninga.

Gamlebyen er omkransa av kanalar, som ein kan padle på, ro på eller som vi gjorde, køyre sykkelbåt. På kaia ved Madelen Bridge leigde vi ein lang pram med dobbelt sett pedalar som driv skovlane rundt.

Med den båten fekk vi sett det meste av kanalane som omkransar byen i løpet av snautt to timar. Mange leigde «venezia-båtar» med stakestang og ei lita padleåre, dei sleit meir enn oss, både med tempoet og navigeringa.

Vatnet i kanalane er skittent og fullt av algar, men likevel er det stemningsfullt å gli rundt i dei lange båtane, under sørgepil og kastanjar som veks langs kanalen. Nokre plassar er det tynnare mellom trea, og dei staselege universitetsbygningane kjem til syne langt borte.

Men før vi ga oss i kast med båtlivet var vi også innom Magdalen College. Dei gamle universitetsbygningane er akkurat slik dei har vore dei siste 500 åra. Ein kan når som helst vente at ein kappekledd professor kjem svingande om hjørnet, eller at inspektør Morse skal kome ned trappa etter å ha ransaka eit vaktmesterkontor der mordaren hadde kasta frå seg drapsvåpenet.

Hagane er vakre, sjølv om vi er i byrjinga av august står dei i fullt flor. Korleis dei klarer det veit eg ikkje, men det ser ut som om hagane er beplanta for å vere på det aller vakraste akkurat no.

Då vi var ferdig med Magdalen College, den botaniske hagen og alle kanalane var eigentleg dagen gått. Vi gjekk litt bortover High Street, men eit heftig sommarregn jaga oss inn på ein buss og heim.

Eg tok ein tur til Tesco, og handla inn til hamburgerar, noko anna enn pulverkaffe til min kjære og Earl Grey til meg sjølv. Her i huset drikk dei berre grøn te, må vite. Men no er favoritteen i hus. Det tok tid å handle, så lang tid at eg vart etterlyst.

Men for ein innkjøpar er nye marknader alltid krevande å sette seg inn i, og matmarknaden i Stor-Britannia er uoversiktleg og rotete. Stort utval, men mest mange like variantar av det same. Eg veit ikkje om det er noko å trakte etter. Prissettinga er uklar og overflod av tilbodsplakatar aukar forvirringa ytterlegare. Jaja, eg må berre seie til meg sjølv at no er eg ikkje på jobb.

I dag skal vi på omvising i regi av den lokale turistinformasjonen, og som vi har fått anbefalt står Pitt Rivers-museet på lista over ting vi har forstått at vi må ha med oss. Den lista er forøvrig ikkje lang, vegen blir til medan vi går her hos oss.

This entry was posted in: Ferie, Grønt, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Gosh så flotte bilder!
    Høres virkelig nydelig ut!

    Min erfaring er at Marks and Spencer er knallgode. Og særlig på nistemat. De har noen salater som er helt fantastiske, nydelige å ha med på tur.

    Om løken er kommet håper jeg du rekker innom et hagesenter og handle litt frø/løk.

  2. Høres veldig fint ut, som vanlig 😀 Dere er knallgode på feriering! Fortsatt god tur 🙂

Leave a Reply