Ferie, Livet, Reise
Comments 6

Rare tider

Vi sit her i fredelege Oxford og les om opptøyar og plyndring i London og Birmingham. Det synest heilt uverkeleg at områda der vi gjekk på fredag vert raida av «opprørarar».

Bakgrunnen for desse opprøra er ikkje heilt klar for meg, men slik eg har forstått det er det utløyst av at politiet i Tottenham, nord i London torsdag skulle pågripe ein person som var mistenkt for eit brotsverk. Den mistenkte heitte Mark Duggan.

Under pågripinga trakk Mark Duggan våpen, og vart då skoten. Han døydde av skotskadane. Politiet sine «familiekontakter» hadde møte med familien til Mark Duggan, og dei vart då einige om at varslinga av foreldra til Mark Duggan om at sonen deira var død skulle familien ta seg av.

Det er noko uklart kva som vidare skjedde, men foreldra til Mark Duggan følte at dei ikkje fekk ordentleg beskjed, og at kontakta med det lokale politiet var for dårleg. Familien organiserte derfor på laurdag ein protest mot dette, og denne protesten utarta til det første «opprøret».

Mark Duggan var av afrikansk opphav, og skal ha tatoveringar som indikerte at han var med i ein jamaicansk kriminell gjeng i Nord-London. Nokre av dei som protesterte meiner at politiet har ein tendens til å gripe inn langt oftare og meir brutalt mot farga personar enn mot andre.

Mange unge er også frustrerte over stor arbeidsløyse, over store skilnader i økonomisk velstand og over å bli forfølgde for småkriminalitet som cannabisrøyking medan dei store haiane går fri.

I drabantbyane vert ungdomsklubbar lagt ned, kommunale spareplanar går ut over dei som treng ekstra undervisning og andre tilbod som kan gjere livet betre og tryggare for dei som bur i desse områda.

Andre av dei som protesterer er ganske enkelt ute etter å lage bråk. Meldingar som «meet up at Oxford sircus – we’ll smash shops, get free stuff» har blitt utveksla på blackberry messenger, eit medium som gjer at det har gått «under radaren» til politiet, som etter kvart har fått ganske god kontroll på Twitter og Facebook.

Protestane oppsto i område av London som nærast kan reknast som slum, men den ultimate hevnen for «opprørarane» er å dra inn til dei dyre butikkane midt i byen, og knuse og rane dei. Gjengar som tidlegare sloss mot kvarandre står no saman skulder ved skulder mot politiet.

Men desse som berre er ute etter bråk – kvifor er dei det? Og kva er feil med eit land som kan fostre eit så stort antall unge som faktisk finn det å vere ute etter bråk som ein bra ting å gjere?

Det gruppepsykologiske aspektet er interessant, for desse gjengane asar nok kvarandre opp til å gjere vanvittige ting, men samtidig ville det ikkje vere grobotn for denne oppførselen viss det ikkje var noko grunnleggande feil i samfunnsstrukturen frå før av.

Eg kan på ein måte forstå den rusen desse ungdommane føler no desse dagane. Plutseleg kjenner dei seg mektige, dei kan påverke media, dei kan bli intervjua og dei kan blir frykta, om ikkje respektert. Dei har nok ikkje blitt sett på som mektige og innflytelsesrike før. Er dei det no?

Politiet går no ganske enkelt ut med oppmodingar til foreldra om å halde ungdommane sine innandørs. Mange av dei som er med på dette er veldig unge, og er nok mest med på det fordi det er forrykande spennande.

For dei som vert innestengte på jobb fordi dei ikkje kjem seg heim med t-bana, eller som er redde for å miste huset sitt i brann er det ikkje spennande, berre skræmande.

Vi kryssar fingrane for at politiet klarer å rydde opp i dette, at politikarane tek fatt i det som eventuelt må endrast politisk og at foreldra passar på barna sine. Fleire jobbar til dei som er unge, arbeidsledige og frustrerte vil også kunne gjere at slike situasjonar ikkje så lett oppstår igjen.

Viss nokon veit meir om dette enn meg, så suppler gjerne (eller korriger) i kommentarfeltet.

This entry was posted in: Ferie, Livet, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. her var det du som supplerte meg.. jeg kjente ikke historien men, har problemer med å forstå at vold og ødeleggelser kan skape et bedre liv ..

    de legger skylden på politikerene men.. hva gjør de selv for å få det bedre.. spør nå jeg..

  2. Sukk, jeg skulle virkelig ønske folk ( de som lager istand slik rot overalt, hvem de enn er) ville slutte med dette.. Godt dere er på trygg avstand.

  3. HildeSofie says

    Den britiske bloggeren Laurie Penny har skrevet et godt innlegg om det som foregår i landet hennes nå. Der skriver hun blant annet at «de som styrer Storbritannia hadde absolutt ingen anelse om hvor desperate ting hadde blitt. De trodde at de etter tretti år med stigende ulikhet, midt i en lavkonjunktur, kunne ta bort den siste tingen som ga folk håp; (…) jobbene, muligheten for høyere utdanning, støttestrukturer, uten at noe ville skje. De tok feil. Og nå brenner byen min, og den vil fortsette å brenne til vi stopper fordømmelsene og den blinde gjetningen og prøver å forstå akkurat hva som har brakt denne sivile uroen til Storbritannia.»

    Les hele innlegget hennes her: http://pennyred.blogspot.com/2011/08/panic-on-streets-of-london.html

  4. HildeSofie says

    I mellomtiden: ta vare på hverandre!

  5. Må være spesielt å være så nær når slikt skjer – og i tillegg fra Oslo til London.
    Takk for fint sammendrag av hva som skjer 🙂

  6. Lajla says

    Tankevekkende… jeg kom inn på denne bloggen da jeg googlet Hjalmar Gullberg – Kärlek i det 20ande sekelet… og fant det nydelige diktet du har gjengitt av Hjalmar Gullberg: Forkledd Gud. La oss beholde troen og håpet. Det var bar det jeg ville si.

Leave a Reply