Ferie, Livet, Reise
Leave a Comment

No worries

Eg får meldingar heimafrå om at folk uroar seg for oss. Det er ingen grunn til det, kjære dokke.

Til alle bekymra sjeler: Vi har det fint og trygt i eit roleg strøk av Oxford. Oxford er ein stille by med lite ramp og for tida mykje synleg politi i gatene. Dei som kunne finne på rampestrekar her omkring vart meir eller mindre fotfølgde gjennom gatene, dei vert haldne i kort lenke.

I dag tenker vi oss avgarde til Cotswold, eit vakkert område nordvest for Oxford. Min kjære køyrer, og eg les kart og gjev ordre. Det har eg øvd på sidan eg køyrde inn i Paris med far min tidleg på åttitalet. Så det går nok bra! 🙂

This entry was posted in: Ferie, Livet, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply