Allergi, Billig mat, Noko søtt, Safting og sylting, Veggis
Comments 6

Det er i utide trolla skal drepast

Det sa mora til ei venninne av meg når venninna mi og eg gjekk i gang med vidløftige prosjekt seint på kvelden. Av ein eller annan grunn var det då arbeidslysta kom over oss. Eg har det slik framleis.

I går kveld, då eg gjekk over plenen heim, sto det ei kasse flotte, mørkeblå plommer og venta på meg. Kven som hadde plassert dei der veit eg ikkje, men eg tilbrakte iallfall eitt par timar med å rense plommer medan eg såg på ein eller annan dameserie.

Eg enda opp med ganske nøyaktig 2,5 kg plommer, og fann fram ein kilo sukker og ein og ein halv pose syltepulver. Frå krydderhylla fann eg fram nokre stjerneanis.

Min kjære vart sendt i kjellaren etter tomglas, og eg gjekk i gang med syltinga. I strid med alle oppskrifter hadde eg mesteparten av sukkeret i gryta saman med plommene og stjerneanisen, og lot det putre på svak varme medan eg gjorde klar glasa.

Eg kokte opp ei stor gryte med vatn, og hadde i pastaglas, sildeglas, tacosausglas og liknande. Eg er for gjenbruk når det kjem til sylting. Slike glas er god emballasje, og dei kjem i hus jamnt og trutt.

Syltetøyet fekk koke i eit kvarters tid, og så tok eg ut anisen. Eg putta stavmiksaren fort i gryta, ikkje slik at syltetøyet vart heilt jamnt, men slik at dei største bitane vart borte. Så rørte eg saman syltepulveret med 200 g sukker til, og rørte det inn til sukkeret var heilt oppløyst.

Til slutt fiska eg glasa ut av vasskjelen, vende dei på eit reint kjøkkenhandkle, og så helte eg syltetøyet på glasa og satte på lok med ein gong. No er eg klar for vaffelsteiking, trur eg.

Dette plommesyltetøyet går sjølvsagt fint å lage med kjøpeplommer også. Nytt høvet no, dei er på det finaste akkurat i desse tider!

Møt familien Plommesyltetøy:

6 Comments

  1. skulle ønske noen satte igjen en kasse med plommer her : ) har et tre som er overfylt i år men det står 200 mil unna : ))

    fin dag til deg.. nyt syltetøy og vaffler.. om det er noen igjen da ; )

  2. Kristbjørg Dale Bolstad says

    Syns det høyrdes fryktelig søtt ut! Syns å huske eg har brukt ca eit halvt kilo sukker på 2 kg plommer..
    Men plommesylte er godt det, berre man kunne ha ete slkt! Sukk

    Du lagar i allefall mange gode fristelsar Gunda, hadde trilla sku eg prøvd alt! 🙂

  3. Jaaaaa! Jeg vil sylte! Og har akkurat kommet over ei stor samling av diverse glass som burde passe fint til. Om det blir plommer eller annet, vet jeg ikke. Men i morgen skal jeg sylte litt, tror jeg. 🙂 Takk for inspirasjon atter en gang!

    (I dag skal jeg lage foccacia og tomatsuppe, som skal serveres til et ukjent antall personer i kveld… Jeg er spent!)

  4. Kristbjørg: Eg likar det litt søtt. 🙂 Dessutan var dei ganske sure, dei plommene.

    Elisabeth: Lykke til, det går heilt sikkert strålande, fine du!

  5. Eg sylta nokre fersken med lite sukker(1/2 kg på 2 kg). Synest det vart litt smaklaust, men ho som er glad i aprikos- og ferskensylte liker det, og et det med god appetitt. Men eg tek rådet med stjerneanis – og kanskje meir sukker.

  6. Bente says

    Nam, nam. Dette så godt ut! Kjenner at jeg også gjerne vil sylte, men holder på å pusse opp kjøkkenet (og er uten det meste som f.eks. vann, kokeplater og strøm) så får vente på ny sesong, tror jeg.

Leave a Reply