Billig mat, Tilbehør, Veggis
Comments 11

Ein ny, gamal Kenwood i huset

Min kjære Kenwood Major har tent meg villig og lojalt i femten år. Den luktar litt rart når den må gjere skikkeleg tunge jobbar, men førebels har den klart seg utan anna oppdatering enn ein ny kremvisp.

I England hadde vi brødbakemaskin, og vi vart litt tent på idéen om å vakne til velduftande, ferskt brød om morgonen. Tilfeldigvis fekk vi tilbod om å kjøpe ein brukt Kenwood BM 250 rett etter at vi kom heim, og slo til på det.

No har vi brukt den to gongar, og har hatt ei 50% suksessrate. Det skræmer ikkje oss, i Oxford sleit vi og litt i byrjinga, men etter kvart fekk vi teken på det.

Det blir spennande å bli kjent med dette vesenet dei neste vekene. Eg er ikkje ein presisjonskokk, så instinktet mitt seier at det umogeleg vere så nøye om det er 385 eller 400 ml væske.

Andre i hushaldet vårt er meir nøye, og veg nøyaktig opp kva som skal vere i bollen. I kveld skal eg vere skikkeleg rampete, og bruke ballesåd til brødvæske, så får vi sjå kva BM 250 seier til det.

Det er i allfall fint å vakne til den gode lukta, utfordringa er å huske på å kjøpe mjøl og gjær. Etter fleire år med kjøpebrød er ikkje dei innkjøpa automatisert. Men vi lærer.

Har du brødbakemaskin, og har forslag til oppskrifter, kombinasjonar og triks som vi ikkje har oppdaga så høyrer eg gjerne frå deg i kommentarfeltet. God baking!

This entry was posted in: Billig mat, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Lovise says

    Har prøvd og prøvd å få gode brød ut av maskina til far min. Ikkje heit nøgd enno, men å bruka yoghurt har vore vellukka. Grautrestar, derimot…
    Lovise

  2. Ballesåd går heilt sikkert bra! Eg bruker hurtigprogrammet på mi Wilfa med 1/2 pk fersk gjær. Då kan eg ha i det eg vil, og deigen skal ha nordmal konsistens. Begynn med berre 50% grovt og auk etter kvart, er mitt råd. 350 eller 450 væske går for det same i mi. Du får sikkert raskt dreisen på det!

  3. Ballesåd er den krafta du har att i gryta når du har kokt potetball. Den er saftig, smaksrik og god, og perfekt som mauk (deigvæske) til grove brød.

  4. Ferskt brød om morgenen og muigheten til testing og leking med brødbaking høres ut som en super kombinasjon!
    Lykke til med baksten!

  5. Synes jeg har hatt mes hell når jeg bruker speltmel til min brødbakemaskin! Oppskriftene er forskjellig etter merke på maskinen og ikke minst størrelse 🙂

  6. Da lærte jeg noe nytt i dag også… Men som Oslobarn hvis eneste erfaring med noe som kan likne potetball er et par traumatiske folkehøgskolemiddager, lever jeg greit med min uvitenhet…

  7. ma says

    Takk for fabelaktig nynorsk:) Vil ikkje brøda verte for salte med balljesåd? Vil slå eit slag for mjølet til Mylnå i Volda:) Eg vil påstå at kveitevalsen frå Mylnå gjev ekstra piff til brøda. Bruka det også til «strø» under pizzabotnen, crispy og spennande. Den er heldig som får tak i mjøl frå http://www.mylna.no:)))

  8. ma: nei, ikkje etter min smak. Eg har vakse opp med slike brød, så eg er vand med det, kanskje. Dei vert veldig saftige, og smuldrar ikkje så lett når dei er bakt med ballesåd.

  9. Pingback: Eg slit! « Alt godt

  10. Pingback: Vi har blitt vennar « Alt godt

Leave a Reply