Ferie, Reise
Comments 4

Shopping i Kiel

Color Line har dei to staselege båtane Color Magic og Color Fantasy som går mellom Oslo og Kiel. Mange bedrifter brukar desse båtane til seminar og teambygging, og ein kan difor innimellom risikere å stå der med ein billett til Kiel-ferja.

Fordelen for arbeidsgjevar er at det er relativt lite tid som går bort til shopping og bykos, iallfall mykje mindre enn når ein reiser med København-båten. Fordelen for oss som får reise er at Kiel faktisk er ein fin shoppingby.

Med litt velvilje og samarbeidsvillige pensjonistar på veg ut av båten kan ein få opptil tre og ein halv time i Kiel. Det er ikkje all verda, men det rekk eit stykke på veg. I teorien skal båten ankome Kiel klokka ti og dra klokka to, men i realiteten tek det så lang tid å kome av båten, og oppmøte er kvart på to med eit stykke å gå frå sentrum.

Vel i land er det nærliggande å spasere rett fram, over gangbrua som krysser hamna, og over til kjøpesenteret Sophienhof. Der finn du butikkar med diverse interiørgreier, nokre fine spiseplassar og Rossmann som sel alt av toalettsaker, makeup og reingjeringsting. Der er også ein stor elektrobutikk i andre etasje. Damemote og sko er det også flust av.

Går du vidare til høgre finn du det klassiske tyske varehuset Karstadt. Oppe er det parfyme, smykker og papirvarer, nede er det klede og sko. Dei har alltid nokre tilbodshyller med dufter, så det er mogeleg å gjere gode kjøp her. Men rimelegare parfymer som Puma, JLo og liknande kan du få billigare på dei enklare parfymeria lenger bort i Holstenstrasse.

For når du har gått igjennom Karstadt går det ei lang rulletrapp ned til gågata Holstenstrasse. Her finn du fine kjøkkenbutikkar, meir klede og sko og lærvarer. Tyskland er ikkje kjend for mote, men enkle basisplagg kan ein finne svært rimeleg. Eg syns personleg dei er flinkare på sko, du finn Ecco-butikkar og butikkar med godt utval i Peter Kaiser og Gabor både inne i Sophienhof og i Holstenstrasse.

Heilt i enden av Holstenstrasse finn du fleire koselege pubar, i området Alte Markt. Viss du går litt vidare kjem du inn Dänische strasse, der det ligg ein del meir eksklusive merkebutikkar. Og i byrjinga av gata ligg det eit lekkert parfymeri som fører Serge Lutens, Etro, Acqua di Parma og mange andre merke ein ikkje finn så mange stader. Rause med prøvene er dei og!

Men Kiel har fleire shoppingområde å by på. Viss du i staden for å gå Holstenstrasse til endes går til venstre opp gjennom byparken, mellom dei to dammane som ligg der, kjem du opp til Die Arkaden på Holtauer Strasse. Der går det fine arkader på begge sider av gata, og der finn du fine leikebutikkar, konditori, interiørbutikkar og ikkje minst ein lekker tebutikk. Der sel dei også aromatiserte eddikar, og eg er alltid innom der for å få med meg ein halv liter fikeneddik. Dei har dei fine Roy Kirkham-koppane, og eit enormt utval i teutstyr, klyper, filter og kanner. Earl greyen deira er også førsteklasses.

Det siste shoppingområdet eg vil nemne er Citti-Markt, eit kjøpesenter utanfor Kiel sentrum. Det tek ca. 8 minutt med taxi for å kome dit. Husk på at veldig få taxiar i Kiel tek kort, så du bør ha tatt ut euro.

Citti-Markt er eit tradisjonelt tysk kjøpesenter med alt hjartet måtte få lyst på. Der finn du masse matbutikkar, utsal av vin og brennevin, klede, store parfymeri og sportsbutikkar. Dersom du planlegg å dra til Citti-Markt er det like greitt å gjere det med det same du går av båten, det er lett å bruke heile dagen der. Det er vanskeleg å kombinere tidsmessig med å «gjere byen» viss du skal tilbake med ferja same dag.

Eg syns Kiel er ein fin shoppingby. Den er ikkje så sjarmerande som Lübeck, ikkje så stor som Hamburg, men oversiktleg og grei. Tyskerane kan øl og god mat, så ein bør unne seg noko godt å spise og drikke medan ein er der. Iallfall er eit konditoribesøk eit must, du finn mange gode kaker i Kiel. God tur!

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. For eit fint innlegg! Eg var på utveksling i to månadar ved universitetet i Kiel for nokre år sidan. Eit tips er å ta taxi til Forstbaumschule. Det tar berre rundt fem minutt. Her er ein fin park med ein kjempe hyggeleg restaurant med god mat og drikke. Rimeleg, særs tysk (på den gode måten) og fine omgjevnadar! Me vart stamgjester på kort tid.

Leave a Reply