Frustrasjonar
Comments 10

Eg slit!

Eg slit med brødbakemaskinen vår.

No har eg to dagar på rad bakt flate brød. Kva kan det skuldast? Eg følgjer godt med på deigen, sidan eg bakar på tidleg kveldstid. Den oppfører seg fint i bollen, og hevar seg flott. Men på eit eller anna tidspunkt rundt steikinga fell brødet saman.

Eg slit med å finne ut kva eg gjer feil. Eg er relativt nøyaktig med oppskrifta, og midtvegs står deigen der og hevar så fornøgd og glad.

Likevel klappar den saman før brødet er ferdigsteikt. Nokre gongar vert det bra, men no har eg bomma to gongar på rad, og er mismodig. Har nokon med brødmaskinerfaring nokre praktiske tips å kome med?

This entry was posted in: Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

10 Comments

  1. maiblomst says

    Veit ikkje om eg er på rett spor her, men. Eg har boka tl Schakenda, Bakeriet på Lom, han skriv at han alltid bruker kald væske fordi deigen vert varm når den ver elta. Han meiner at dersom ein bruker lunka væske, slik som me vanlegvis gjer så kan det bli for varmt når deigen så blir elta etterpå. I følge han vert gjæra dårlegare ved 30 grader, og dør ved 40 grader. I helga baka eg ein bolledeig frå boka hans, brukte kald melk, elta i maskinen leeenge, og heva i ein time. Flott deig. Men eg veit jo ikkje korleis desse brødbakemaskinane verkar, så kanskje eg er på bærtur….
    Eg har i alle fall planar om å bake brød etter di oppskrift i dag. Gledar meg til resultatet!!:-)

  2. Elsa says

    Eg har motsatt problem. Brøda mine blir for store i brødbakemaskina.
    Eg brukar alltid kald veske når eg lagar brød i brødbakemaskina, og eg fylgjer oppskrifta som følgde med til punkt og prikke.
    Har aldri vore ute for at eg får flate brød når eg bruka maskina.

  3. Utfordringa er at eg får ikkje justert hevetida, dette er programmert på førehand, i og med at det føregår inne i maskina. Eg får prøve å ha skikkeleg kaldt vatn, det er mogeleg det kan gjere susen. Skam på den som gir seg! 🙂

  4. BenteAS says

    Vet ikke om dette kan være til hjelp, men min farmor som var en supergod baker, mente at man av og til ble utsatt for mel med dårlig kvalitet og at man da kunne oppleve det du gjør nå. Hun kjøpte ofte enten hele sekker eller en pakke på 10, så hvis et parti først var dårlig (og det selv om holdbarhetstiden ikke var gått ut) måtte hun kaste resten. Når hun kjøpte ny ladning mel, ble hun kvitt problemet. Hun brukte jo ikke brødbakemaskin som du gjør, men likevel…. Kan det være at du rett og slett har fått en dårlig pakke mel? 🙂

    Lykke til!

  5. Bruker du langt eller kort program? Trur det er lettast å lykkast på kort program om du har det (1.48 på mi maskin) Då bruker eg 1/2 pk vanleg gjær. På langt program (3.20)bruker eg 1 1/4 ts (Måleskei ;-)gjær på 4 1/2 dl væske. Eg trur det kan like godt vere gjærmengda som temperaturen, for maskina varmar opp sjølv. Lykke til!

  6. Gunda, ikkje bak på oppadgåande måne!!!

    Neida, har ingen råd å gi deg men regner med du fikser det. selv har jeg alltid problemer med den gjærbaksten min…

  7. Kortprogrammet fungerer iallfall ikkje, det prøvde vi og, og sat att med eitt stykk stein. Men kaldt vatn viste seg å vere eit triks, det vart vellykka i går.

    Bruksanvisninga frå Oxford sa romtemperert, og det er mogeleg det vart litt varmare enn det, og då vart det for mykje heving og kollaps når vi brukte det same på vår maskin her heime. Takk for hjelp og oppmuntring! 🙂

  8. Jeg baker brød i bakemaskin nesten hver natt, avhengig hvor mange som er hjemme. Og har slitt ut to maskiner.
    Oppskriften er:
    3,5 dl kaldt vann
    6 dl hvetemel
    2 dl grovt mel (jeg bruker 4korn brødblanding)
    1,5 dl solsikkekjerner
    0,5 dl knuste linfrø
    2 ts tørrgjær
    2 ss olje

    Jeg setter på maskinen om kvelden slik at det er ferdig stekt 2 timer før vi står opp. Da er det passe nedkjølt og det går ann å skjære skiver.

  9. Pingback: Vi har blitt vennar « Alt godt

Leave a Reply