Ferie, Livet, Reise
Comments 4

Pappatur til Eika

Pappa og eg tok ein tur ut til Eika på søndag.

Eika er ei øy som ligg nedanfor sørspissen av Hareidlandet. Sundet mellom Eika og Hareidlandet heiter treffande nok Eiksundet, og over dette sundet går det kjende Eiksund-sambandet, som gir Herøy, Sande og Hareidlandet fastlandssamband.

Fram til Eiksundsambandet opna i 2008 var Eika utan rutesamband med omverda. Ein måtte ha eigen båt, skulle ein ut dit. No derimot, går brua som fører ned til den undersjøiske tunellen over frå Hareidlandet til Eika, og der er laga ei avkøyrsle som gjer at det er lett å dra på fottur over Eika.

Eg veit ikkje så mykje om Eika, bortsett frå at den var ein del av Herøy kommune fram til 1964, då den gjekk over til Ulstein. Eg har blitt fortalt at namnet kjem av at den hadde den nordlegaste eikeskogen i Noreg, men om dette stemmer veit eg ikkje. No finst det eikebestandar fleire stader i Møre og Romsdal, iallfall, men eg trur vårt fylke framleis er rekna som den nordlege grensa for naturleg forekommande eik.

Eika er langstrakt, i følge Wikipedia er den 3,8 km lang frå nord til sør. Så å gå den frå ende til annan er ein fin tur. Ein får pusten i gang og, for vegen er ganske kupert.

Turteknisk er den ikkje perfekt, det hadde vore finare om ein kunne gå «rundt» øya, slik det no er må ein gå same veg fram og tilbake. Men terrenget er flott, og landskapet er som å vere tilbake til gamle dagar, så det gjer ingenting å gå same vegen to gongar.

Husa på Eika er ei blanding av gamle, fine fiskarbondehus og nyare hytter. Det er tydelegvis stor restaureringsaktivitet, og det er ikkje så rart. Frå å vere eit tungvint og isolert reisemål er Eika no bokstaveleg tala midt i straumen.  Eg kan tenke meg at husa på Eika har hatt ein formidabel verdiauke.

Den finaste delen av øya er kanskje på sørvest-sida, med utsikt til Yksnøya og Velsvika.

Der endar vegen i eit vakkert lite tun, velstelt og vestvendt. Der er også fleire nybygde hytter i dette området.

Nordenden er også flott, med utsikt til Liadalsnipa og resten av fjella rundt Ørsta. Omtrent midtvegs passerer ein den vesle skulestova.

Frå parkeringsplassen og nordover går ein på gamle, tilgrodde gardsvegar.

På sørsida er det lagt ny veg over åsen til dei gamle gardane og hyttene på sørsida. Eg veit ikkje når denne vegen vart lagd, men den virkar relativt ny.

Kanskje gjekk skuleungane frå sørsida over åsen på stiar for å kome til skulen? Eller kanskje rodde dei? Eg veit ikkje. Er det nokon som veit meir om dette vesle lokalsamfunnet?

This entry was posted in: Ferie, Livet, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. I min barndom, det vil seie før eg flytta til Eiksund, gjekk ferga innom Eika, så då var det ikkje så langt av lei.

    Det står óg ei lita skulestove der ute, så eg reknar med at i alle fall dei minste ungane fekk undervisning der. Men sjøen var jo riksveg, vegen til Haddal kom på plass seint. Dei orienterte like gjerne innom fjorden og ut til Herøy. Frå «ne Birte (vår gamle nabo) veit eg at at dei for (rodde?) både til Volda og til Leikong til preike i jula. Men du har sikkert lesarar som veit meir enn meg 🙂

  2. Brit Harstad Sværen says

    Eika er noko av det finaste eg veit!
    Her, på den garden der vegen over Eika endar (Gult hus og raude uthus), vart morfaren min fødd i 1887. Han heitte Peter Kornelius Elias Eiken og busette seg i Volda i 1920, som songlærar og kordirigent på lærarskolen. Han hadde og mange kor rundt om på Sunnmøre.
    Eika var mitt ferieparadis då eg var lita. Morfar hadde kontakt med ein mann, Sivert Lid, som hadde ein liten skyssbåt, og den leigde den store familien vår kvar sommar for å ha ein dag på Eika.
    Morfar planta nokre eiketre på garden då han var 12 år, og dei står den dag i dag i nærleiken av våningshuset.

  3. Brit Harstad Sværen says

    Oldefaren min, Ole Eiken, var lærar på skulen i Eiksund, og han og elevane frå Eika gjekk over øya og rodde over sundet i allslags ver.
    Var veret dårleg, og elevane vart våte, tørka ei klede og sokkar på jern-skjermbrettet framføre ovnen i skulestova, fortalde morfar.

Leave a Reply