Frustrasjonar
Comments 3

Panikk!

Eg har laga ostekake, og den såg heilt fin og flott ut då eg hadde den i forma.

No, etter at den har stått nokre timar i kjøleskapet er den stiv og fin, men det renn eit eller anna søtt, tjukt stoff ut av den! Heile kaka har blitt 1/2 cm lågare, og eg tørkar og tørkar dette vassaktige men tjuktflytande stoffet frå kjøleskapet.

Det einaste «rare» eg har gjort er å bruke hurtiggelé. Egnar den seg ikkje til ostekake? Har du opplevd noko likande? Eg veit at hurtiggelé og vanleg gelé ikkje skal blandast, men denne kaka er laga berre med hurtiggelé i ostemassen. Er det noko eg har gjort feil?

This entry was posted in: Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Elsa says

    Hurtiggele egnar seg ikkje til ostekake nei. Vi er nok fleire som har litt dårleg erfaring der ja.

  2. Pingback: Panikken har lagt seg… « Alt godt

Leave a Reply