Fest, Frustrasjonar
Comments 4

Panikken har lagt seg…

Laurdag sto alt på hovudet her, eg venta alt mellom 12 og 16 gjestar om kvelden, og var berre middels godt førebudd.

At eg skulle lage ei ostekake sto på planen, den hadde eg gjort ferdig kvelden før. Panikken breidde seg då eg oppdaga at det rann ei blank, tjukk væske frå kaka om morgonen den dagen gjestane skulle kome.

Kaka var av den vanlege typen, stivna med gelé. Problemet var at eg hadde berre hurtiggelé, men sidan det ikkje sto nokon advarsel på pakken hadde eg ingen motforestillingar mot å bruke den. Yvert imot, eg syntest det  var spennande med ei rosa ostekake med smak av villbringebær.

Då vi serverte kakene laurdag kveld var kaka nokolunde bra i fasong. Den hadde krympa litt, så å ha på gelélok var ikkje aktuelt. Botnen hadde naturleg nok blitt bløytt opp av det som rann av kaka, så den var ikkje førsteklasses. Bortsett frå det smakte kaka godt.

Konklusjonen må vere at ostekake med hurtiggelé kan fungere viss du har skikkeleg dårleg tid, og lagar kaka berre to-tre timar før den skal serverast. Skal ostekaka stå til dagen etter bør du bruke vanleg gelé.

Eg reknar med at det som «skilte seg» frå kaka var glykose, sjølv om eg ikkje kan vere sikker. Glykose er intenst søtt, og det kan stemme med at kaka var litt mindre søt og meir «ostete» enn vanleg. Det syns eg ikkje gjorde noko. Men når det samstundes gjorde botnen trist og våt er det definitivt noko ein bør unngå.

Så har du hurtiggelé i skapet, så bruk den berre til ostekaker som skal serverast fort, eller som vanleg gelé. Ein lærer noko nytt kvar dag, ikkje sant?

This entry was posted in: Fest, Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Ragnhild says

    Kva serverer du til 12-16 gjester ein laurdagskveld (i tillegg til ostekake)?

  2. Dette var dagen for å bruke opp restar, og restane var skinke, kremost (obskøne mengder) og røykelaks. Vi spiste røykelaks med eggerøre, lakseterte, quiche og ein stor salat. Oppskriftene kjem nok med tida! 🙂

  3. Takk og takk, Gunda. Dette er typisk kjøkkenhåndlag man må vite for å kunne det, hvis du skjønner hva jeg mener 😀

  4. Pingback: Lakseterte « Alt godt

Leave a Reply