Bokprosjekt
Comments 27

Ny bok (og ny tittelkonkurranse), folkens!

Eg har tidlegare nemnt at GundaM og eg jobbar med eit nytt bokprosjekt.

Men vi har eit problem: Vi manglar tittel! Og der kjem du inn i bildet, som les bloggen min. Eg treng gode forslag til ein boktittel til ei bok som skal handle om safting og sylting.

Vi syltar og saftar tradisjonelt og moderne, med og utan krydder og med spennande kombinasjonar. I tillegg er bodskapen i boka at ein må ikkje sylte og safte som om det var Store Norske ein lagde til. Små porsjonar gjelds også.

Eg er også oppteken av at ein skal kunne safte og sylte heile året. Det er så mykje godt i butikkane året rundt at safting og sylting må ikkje skje i to hektiske månader i august og september. Ein idé eg har jobba med er Haustetid  – heile året. Men eg er ikkje heilt frelst. Ordet grøde er også aktuelt å bruke, men eg veit ikkje heilt på kva måte.

Så difor spør eg deg: Kva vil du foreslå at vi kallar boka mi? Kom med forslag i kommentarfeltet, den som foreslår det vi endar opp med får sjølvsagt ei bok i posten når den er i butikkane ein gong neste vår. Slå deg laus!

This entry was posted in: Bokprosjekt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

27 Comments

  1. Saft suse. Dette er et skikkelig kraftuttrykk i Donald 🙂

  2. Eg tenkte SAFT og SYLT- året rundt. Og det ser eg det er fleire andre som er inne på og. Enkelt og greitt, og ein er ikkje i tvil om kva for ei bok ein kjøper. Dessutan er orda fint.

  3. Ingrid says

    Jeg tenkte umiddelbart: «safting og sylting».

  4. Stemmer på Saft Sylte. Med en undertekst.
    Men Grøde på Glas klinger også bra.
    Jeg stiller meg på venteliste for signert eksemplar!

  5. malo says

    Saftig Grøde eller Grødens Glede …:)

  6. barnebibliotekaren says

    På glas – saft og sylt (av) markens grøde

  7. Det må jo bli «saft suse» – det første som slo meg. Kraftuttrykk fra 2 flotte og handlingskraftige damer;-)
    Mvh Anita

  8. Stine Arkeologine says

    «Grøde på glas. Safting og sylting for alle årstider» <3

    Kunne det vere fint?

    Lykke til vidare med bokprosjektet! Eg har "Smalhans"-boka og likar ho kjempegodt! Masse god og lettlaga mat, og så er det ei ekstra glede å lage mat når det er fine bilete å sjå på i tillegg. 🙂

  9. Hei Gunda! Lukke til med nytt bokprosjekt.
    Tar meg den friheita å senda deg eit lite forsøk på dikt med tanke på alle mine barnebarn (9 så langt). Har også planar om ein dag å kunne laga ei bok, men den vert heller liten og med svært få, om noken matoppskrifter. Eg tenkjer det kan vera morosamt å laga noko dei som kjem etter kan ha glede av.
    Her kjem det.(Kansje du sjøl har opplevd eller høyrt noko tilsvarande.)

    Plommer til alle

    Høgt oppe i eit stort plommetre
    Hang runde, modne og saftige plommer
    Dei hang og venta
    På ei lita jenta
    Ho igjen gjekk å venta på at far
    Skulle koma med stigen og var klar

    Den stilte han opp på plenen
    Så klatra han så høgt han turte
    Tok godt tak i greina
    Slik stod han aleina
    Uhellet var at han trødde av trinnet
    Og datt ned og slo seg på leggskinnet

    Der låg han så lang han var
    Men han kunne ikkje for det
    For trinnet var
    Ikkje bygd for far
    Men no kom mamma til jenta
    Ho hadde alt plommer henta

    For bestemor og bestefar
    Hadde vore der før og plukka
    Og det var bra
    Takk skal de ha
    Så vart det plommer nok til alle
    Litt synd på han som hadde falle

    Ha ei fin helg!

  10. Eg stemmer på Saft suse – det var det første eg tenkte på, men andre kom før meg 🙂 Alternativt Saftig! 🙂

  11. Javel ja! Beklager at eg ikkje har svart på det du ba om. Her kjem forslag frå meg:
    Fyrst. Du kallar bloggen din Alt godt, kvifor ikkje laga eit tillegg til den som: Alt godt i krukker og glas. Eller: Alt godt som saft og syltetøy.
    Kva synes du Gunda, var dette ein haldbar (står seg ei tid som hermetisert frukt) ? 🙂
    Henry

  12. Karin Skrede says

    Gunda`s grøde på flaske og i glass : )

  13. Hei Gunda. Eit nytt lite bidrag til diskusjonen rundt navn til den ne boka di.

    No vesle Gunda
    må du nytte stunda
    til å ta ei avgjerd
    slik at noko skjer
    og finne eit navn
    då er tittelen i havn

    Ha ein fin dag med fine bileter og meire til

    Henry

  14. Kristbjørg Dale Bolstad says

    Alt godt, på flasker og glas.
    Gunda`s saft og sylte, året rundt.

  15. Liv Elin says

    «SAFT SUSE!» Med utropstegn! Enkelt, kort og fyndig! 🙂

Leave a Reply