Fest, Middag, Pai, Quiche
Comments 3

Skinkepai med raud pesto

Denne enkle skinkepaien er ein sikker vinnar til ein vennelunsj, til ein buffet eller som kveldskos ein laurdag når verken pizza eller taco står på menyen. Eg brukte raud løk og paprika i min, i tillegg til skinke. Skinka kan byttast ut med laks eller røykt makrell. Grønsakene kan også varierast etter kva du har i kjøleskapet.

Eg har testa ut ulike variantar av paiskal, med smør, margarin og med kesam i deigen. Eg har kome til at deigen med margarin er lettast å kjevle ut. Eg veit at mange har store motforestillingar mot margarin, men til paiskal fungerer det altså strålande.

Den raude pestoen som eg hadde på toppen gir ein god tomatsmak, og passar perfekt med ostemassen og grønsakene. Raud pesto kan du kjøpe på glas, eller lage sjølv, slik eg har gjort. Rekk du ikkje å lage den, eller ikkje får tak i raud pesto i butikken, så er paien god utan og.

Raud pesto

200 g tørre soltørka tomatar

100 g parmesan

100 g pinjekjerner

Olivenolje

Legg tomatane i bløyt i ei gryte i nokre timar. La dei få eit kjapt oppkok i bløytevatnet. Sil frå tomatane, og bruk tomatkrafta i ein bolognese eller i ei suppe.

Ha dei bløytte tomatane i ei matmølle saman med riven parmesan. Eg riv parmesanen fordi viss eg har den i i bitar vert det så fort osteklumpar i pestoen. Rist pinjekjernene på tørr steikepanne til dei er pent brune, og ha dei i matmølla. Køyr alt glatt. Spe med olivenolje til massen får ein fin konsistens. Oppbevar på glas. Pestoen held seg i to-tre veker i kjøleskap viss du dekker toppen med olivenolje.

Paiskal

200 g mjøl

100 g margarin

3 ss vatn

1 ts salt

Ha mjølet i matmølla. Set den på vekta, og legg i margarinen i bitar til du har hatt oppi 100 g margarin. Ha i salt. Køyr det heile til smular. Ha i vatn, og la matmølla gå i nokre sekund til, til deigen har samla seg rundt kniven.

Ta deigen ut av bollen, form den som ei rund, flat pannekake og legg den kaldt innpakka i plast i ein halvtime medan du lagar til fyllet.

Skinkepai

6 egg

200 g kremost

200 g skinke i bitar

To paprika

Ein raudløk

Fetaost i olje

Timian

Smør til steiking

Salt og peppar

Raud pesto viss du har

Sett omnen på 210 grader.

Knekk egga og ha dei i ein bolle. Ha i kremost. Rør saman egg og kremost, og tilsett ca. 1 ts salt og rikeleg med nykverna peppar. Sett til side.

Rens løk og paprika. Del løken i båtar og paprikaene i strimlar. Varm opp litt smør i ei steikepanne. Ha i løk og paprika, dryss på timian og steik det heile forsiktig til dei har blitt mørt og fått litt farge. Sett til side.

Kjevle ut paideigen til ein sirkel som er noko større enn forma di. Trykk den godt ut i kantane. Klipp av overflødig deig med ei saks ca. 1 cm utanfor paiformkanten. Legg den overflødige deigen til side innpakka i plast. Prikk paibotnen med ein gaffel, og legg eventuelt i noko som kan halde paiskalet nede. Eg brukar glassteinar som er meint for blomstervasar til dette. (Husk å ta dei ut før du har i fyllet. Jepp, det har skjedd at eg har gløymt det…)

Forsteik paiskalet i 10 minutt. Fjern det du har lagt i forma for å halde paiskalet nede. Legg i dei steikte grønsakene og skinkebitane. La fetaosten renne av. Slå eggeblandinga over, og dryss på fetaost. Legg på skeier med raud pesto, eg brukar vel til saman 6-7 teskeier.

Steik paien i 30-35 minutt. Server med ein grøn salat.

3 Comments

  1. Ragnhild says

    Denne må eg berre prøve. Vi elskar pai i vår familie og dette er ein meir vaksen av skinkepaien som er vår favoritt til no. Kor stor form passar denne oppskrifta til?

  2. Ragnhild says

    Hei. Kva gjorde eg gale? Paien vart alt for salt. Var det fetaosten i lake som gjorde forskjellen?

  3. Pingback: Pasta med raud pesto, squash og spinat « Alt godt

Leave a Reply