Fest, Kaker, Noko søtt, Sjokoladekake
Comments 7

Verdas beste trøffelkake

Vi må ha trøffelkake! sa kjæresten min då vi drodla om kva kaker vi skulle lage til familieselskapet på søndag.

Eg byrja å leite etter oppskrifter, og fann mange, mange variantar. Trøffelkake kan lagast med mandelbotn eller med vanleg sjokoladekakebotn. Dei villaste lagar til og med italiensk marengs som dei har på toppen, og brunar den med brulée-brennar.

Eg gjekk for den moderate varianten, med sjokoladekakebotn. Men det er kremen som gjer susen her, ein fyldig, fin smørbasert krem med eit hint av rom. Du kan velge om du vil bruke lys eller mørk sjokolade i denne kaka, alt etter kva du syns er best.

Skal kaka serverast til vaksne vert det nok best med nokre dropar ekte vare. Men i dette selskapet skulle det naturleg nok vere barn til stades, og sjølv om eg brukar å kome unna med å seie at den kaka er for vaksne og ikkje noko god for barn, så brukte eg essens denne gongen. Det hender nemleg at dei ikkje går på slikt lureri.

Slik gjorde eg det:

Trøffelkake

Kakebotn:

300 g sukker

2 egg

2 dl mjølk

150 g smør

100 g kokesjokolade

2 ts bakepulver

300 g kveitemjøl

Fyll:

100 g romtemperert smør

400 g melis

2 ss kakao

100 g kokesjokolade, eg valde lys type

3 ss kaffe

1 egg

Nokre dropar romessens

Set steikeomnen på 175 grader. Finn fram ei rund form på 24 cm, og legg matpapir eller bakepapir over botnen. Fest kanten på, og smør den lett med smør.

Pisk egg og sukker til ein luftig eggedosis. Bland saman alt det tørre. Smelt sjokoladen i smøret i ein kjele på svak varme. Ta kjelen til side. Slå i mjølka, og la det kolne litt. Vend mjølblandinga og smørblandinga inn i eggedosisen vekselsvis. Ha kakedeigen i forma og steik kaka i ca. 40 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne om den er ferdig. La den kolne.

Rør saman det mjuke smøret, kakaoen og melisen i ein bolle. Smelt sjokoladen i kaffen i vassbad. Rør inn sjokoladeblandinga og egget i smørkremen, og ha i romdropane til slutt. La kremen stå romtemperert til kakebotnen er kald.

Legg kakebotnen på det fatet du skal servere kaka på. Viss du vil kan du dele den i to, og smøre eit ikkje alt for tjukt lag med glasur inni kaka. Bruk eit langt stykke matpapir, brett det i tre på langs, og fest det rundt kakebotnen. Ha på resten av kremen, og set kaka kaldt med ein gong.

Kaka kan pyntast på mange måtar, eg valde den enkle måten, og klipte eit hjarte i matpapir som eg dryssa melis over. Du kan gjere det avansert og, og til dømes dyppe jordbær i sjokolade og legge på.

7 Comments

  1. Ja, den er litt i same kategori som tropisk aroma. Lagd på ein ordentleg måte er den utruleg god. Hmmm. Kanskje eg må lage den snart?

  2. Elsa kristiansen says

    Denne kaka var nydelig.jeg delte den i tre deler og hadde krem inni.så hadde jeg sjokolade oppå kaka og på sidene.den ble veldig godt mottatt.takk for den fine oppskrifta.blir nok bare og bruke den oppskrifta heretter 😊😋

Leave a Reply to Elsa kristiansenCancel reply