Billig mat, Mat, Tilbehør
Comments 3

Vi har blitt vennar

Jepp, eg har klart det. Eg har blitt vennar med min Kenwood BM 250.

Eg har tidlegare fortalt om mine frustrasjonar med denne innretninga. Dette vidunderet som skulle produsere lekre, luftige brød forsynte oss med ting som aller mest var egna til slagvåpen. Harde knartar kom ut av brødbakemaskinen.

Kva eg har gjort annleis veit eg ikkje, men no fungerer det altså. Desse brøda blir ikkje så kjempegrove, men grove nok for oss. Eg har to høge boksar i bakeskuffa eg har laga meg. I den eine har av vanleg kveitemjøl, i den andre blandar eg grov sammalt kveite og ferdigblanda grovbakstmjøl.

I skuffen har eg også ein boks med tørrgjær, eit glas med maltekstrakt og ein boks med blanda frø. Eg brukar 1/3 linfrø, 1/3 solsikkefrø og 1/3 rista sesamfrø. Å ha dette ferdig i boksar gjer det enkelt og fort gjort å sette på ei brødbaking. Det er ikkje nødvendig, men eg syns det går greiare med alt klart.

Brøda smakar knallgodt, om eg skal seie det sjølv. Eg sendte med femtenåringen ein skalk med smør og skinke på då ho gjekk ut døra i dag tidleg, og då ho kom heim spurte ho kva det var ho hadde fått, det smakte så utruleg godt. Slikt varmar eit morsbrødbakarhjarte. Slik gjer eg det:

Grovbrød i brødbakemaskin

4,5 dl kaldt vatn

5 dl kveitemjøl

5 dl grovt mjøl

1 ts gjær

1 ts salt

3 ss frøblanding

1 ss maltekstrakt

Hell det kalde vatnet først i bakebeholdaren. Slå på det fine og det grove mjølet. Lag ei grop i mjølet, og ha i gjær, salt, frø og maltekstrakt. Eg brukar fulltidsprogram for grovbrød og mørk skorpe. Eg har ikkje fått det til å fungere med hurtigprogram. Det kan vere fordi eg har ein gamal maskin, ein nyare modell ville kanskje vere meir samarbeidsvillig.

Eg følgjer Solveig sitt tips, og bakar etter middagstid. Då får ein kolna, matpakkeklare brød om morgonen, som framleis har deilig fersk smak, men som er lette å skjere i. Heilt nybakte brød er for fuktige inni, brødkrumma kleimer seg til kniven. Og eg syns ikkje min maskin klarer å få nok fukt ut av seg, brødet vert «soggy» når det vert liggande nokre timar i maskinen. Brødet har betre av å ligge på ei rist med handkle over seg over natta.

På denne måten får vi gode og godt heva brød kvar gong. Juhu! \o/

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Flott at du har fått den til å funke! Ei venninne takka meg for rådet eg gav for grovare brød, nemleg eit egg i. Har du prøvd det? Det er uansett lurt å berre gjere små endringar når ein har funne sin formel …

  2. Vi har slitt ut to brødbakemaskiner. Nå som vi bare er 2 hjemme baker jeg annenhver dag. Jeg setter på brødet slik at det er ferdig 2 timer før vi står opp, da er det kaldt nok til å skjære opp. Det er utrolig deilig å våkne til luften av nystekt brød.

  3. Pingback: Fruktcrumble – og litt matøkonomi « Alt godt

Leave a Reply