Noko søtt, Safting og sylting, Tilbehør, Veggis
Comments 5

Krydra plommechutney

Då eg skreiv om moderne vilt her for ei stund sidan  foreslo eg at du skulle servere gryta med ein god plommechutney til.

I går såg eg korger med plommer i butikken, så kvifor ikkje lage ein deilig plommechutney no på førvinteren? Denne chutneyen kan du til dømes gi bort i julegåve. Den bør stå i fire veker før du byrjar å bruke den, så det passar heilt perfekt å lage chutney no i november.

Chutney varierer med kor søte dei er og kor krydra dei er. Denne er ganske syrleg og ganske krydra, og passar best til kraftige kjøtrettar. Den er mellom anna perfekt til juleribba. Legg ei skive kald ribbe i ei lefse, og smør på eit lag syrleg plommechutney før du rullar den saman og kosar deg med den. Mmmm!

Som vegetartilbehør kan du bruke chutneyen til ei god linsegryte, til dømes Dal bath. Har du ikkje konjakk i huset, så vert chutneyen god sjølv om du droppar den. Slik gjorde eg det:

Plommechutney

1.5 kg modne plommer

1/2 kg ferdig rensa eple, i bitar

2 fedd kvitløk

450g løk, finhakka

200g sultanarosiner, store, lyse

2 stjerneanis

4 kardemommekapslar

200 -400 g sukker

4 dl kvitvinseddik

salt og peppar

1 dl konjakk

Del plommene, og fjern steinane. Ha plommer, eplebitar, kvitløk, løk, sukker og rosiner samt krydderet og 3 dl av eddiken i ei gryte. La det koke i ein halvtime. Ha i konjakk og resten av eddiken, og la det koke ein halvtime til. Smak til om du syns chutneyen er passe salt, sur og søt. Juster med sukker, salt eller eddik til du syns smaken er passe.

Fyll på reine, nykokte glas, sett på lok og avkjøl.

5 Comments

  1. Pingback: Stem på meg, kjære lesarar! « Alt godt

  2. Jeg har prøvd denne i dag, men den smaker jo bare surt! Utvikler smaken seg til noe mer når den får stått litt eller har jeg gjort noe aldeles feil?

    • Uff, det skal jo ikkje vere slik. Det er lenge sidan eg laga den, og då hadde eg nok ganske søte plommer. Dersom din vart sur så er det berre å putte i meir sukker. Viss du vil ha ein litt asiatisk touch kan du jo prøve med palmesukker viss du har? Eg skal redigere oppskrifta, og legge inn eit spenn på sukkermengda. Takk for tilbakemelding!

  3. Pingback: Gåveidéar | Alt godt

  4. Pingback: Tips til heimelaga julegåver | Alt godt

Leave a Reply