No reiser eg på Smalhans-tur til vestlandet, og gler meg til å møte blogglesarar og potensielle nye lesarar.
Du treff meg i Fosnavåg i ettermiddag, frå 15:30 signerer eg bøker og lagar fingermat på Vestvang bokhandel i Fosnavåg sentrum.
I morgon skal eg vere på Sandemessa på Larsnes, der treff du meg på eit skulekjøkken der eg skal lage mat og snakke om alt som har med Smalhans å gjere. Det vert sjølvsagt smaksprøver der og.
Søndag skal eg til Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Der skal eg lage Smalhans-mat saman med Milan, som bestyrer kjøkkenet der. Dette skal serverast til besøkande frå klokka to, og klokka fire vert det ein ny runde med Smalhans-prat og litt fingermat i auditoriet.
Er du i nærleiken, vil eg veldig gjerne møte deg! Kom, smak og slå av ein prat. Som du veit, noko av det beste eg veit er å møte blogglesarane. Vel møtt!
God tur! Jeg skal tipse min bror om at du er på Aasen-tunet, han bor nemlig i volda.
Så bra, Gry! 🙂
Men på helgebesøk i Oslo, viser det seg…;)
Var så koslig å hilse på deg i hyrten og styrten på torsdag 🙂
Høres ut som litt av en helg dette!
Hei, fikk reklame fra Haugenbok her om dagen, og jammen var ei av bøkene de reklamerte for – ei bok som heter Smalhans! 😀 Det var litt stas å sjå boka di på det viset. 🙂