Bokprosjekt
Comments 5

Smalhans i julegåve – signert!

Eg jobbar med å få Samlaget med på å få til ein julesigneringsrunde i bloggen. Var ikkje det ein god idé?

Det gjer at alle dokke blogglesarane mine kan få så mange signerte eksemplar av Smalhans som dokke har lyst på! Vi gjer det på same måte som før: Send mail til e.nome@samlaget.no, og fortel kor mange bøker du vil ha, og om eg skal skrive til ein bestemt person inni.

Så stikk eg ein tur nedom Samlaget, og skriv inni alle bøkene, og så vert dei sendt utover det ganske land. Skund deg, Samlaget vil ha inn alle julebestillingar innan 3. desember, så det er definitivt siste frist. Prisen er framleis 299 per bok, og eg trur ganske sikkert at forlaget byr på portoen denne gongen og.

Så hiv deg rundt og send ein mail viss du planlegg å gi bort Smalhans i julegåve!

This entry was posted in: Bokprosjekt
Tagged with: , ,

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Pingback: Ikkje så mykje å seie… « Alt godt

  2. Pingback: På veg ut døra « Alt godt

Leave a Reply