Livet
Comments 6

Jobbeonsdag

På onsdagane jobbar begge barna mine.

Femtenåringen står på byens flottaste parfymeri, Heaven Scent. Kvar onsdag etter klokka tre og annakvar laurdag finn du henne der.

Trettenåringen har fått jobb med å passe ein kjempefin blandingshund som bur på Grünerløkka med menneska sine. Trettenåringen kjem innom meg på jobb, hentar nøklar til dit han skal, går dit, låser seg inn og hentar hunden ut. Så går han og hunden ein tur på ein halvtimes tid, før hunden blir låst inn att. På bordet ligg det ein femtilapp som takk for innsatsen.

Eg byrja sjølv å jobbe tidleg, og hadde stor glede av det.

Frå eg var tretten år dro eg kvar laurdag til Ulsteinvik med bussen, og eg hadde ein butikk som selde glas, servise og brukskunst som eg elska. Der kunne eg eigentleg tilbringe heile laurdags føremiddag.

Då eg var femten kom ho som eigde butikken bort til meg, og spurte om eg ikkje like gjerne kunne byrje å jobbe der. Dermed hadde eg laurdags- og feriejobb frå då av og fram til eg var ferdig på gymnaset.

Det gjorde at eg stort sett alltid hadde dei pengane eg trengte, og var sjølvhjelpen med det meste. Slik har vi det her i huset no og. Med sparing, planlegging og jobbing kan dei fleste draumar realiserast. Fint!

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Jeg har alltid hatt helgejobb, siden jeg var 16 år. Og nå deltidsjobb selv om jeg er fulltidsstudent. Travelt, men fint med egne penger!

  2. Eg jobba på same fotobutikk kvar laurdag, i dagane før jul og sommarferiane frå slutten av niande og ut lærarskulen. Derfor har eg alltid hatt pengar, og eg har alltid kunna kjøpt meg det eg ønskjer meg mest.

  3. Lurt. Jeg begynte yrkeskarrieren som 13 åring, leide hester fram og tilbake på hunderfossen lekeland. Jeg var rik etter den sommeren, med 2500 kr i lomma, husker godt den følelsen 🙂

  4. Emre vil gjerne at hundebarnevakten flytter til Bodø, om det lar seg gjøre? 😆

  5. Eg trur det vert litt vanskeleg, men kanskje han kan la seg verve etter vidaregåande? 😉

Leave a Reply