Duft
Leave a Comment

Puredistance I, M og Antonia

Puredistance er eit eksklusivt parfymemerke som er basert i Nederland, nærare bestemt i Groningen. Dei har ikkje ein stor serie av dufter, tvert imot, tre dufter er deira samla produksjon.

Eit av kjenneteikna til Puredistance er at dei har vore veldig dyktige til å knytte til seg dei beste parfymørane. I og Antonia er laga av Annie Buzantian, medan M er laga av Roja Dove, parfymøren som står bak Enslaved og fleire andre kostbare og lekre dufter.

Dei tre duftene har kvart sitt distinkte særpreg, men noko av det dei har felles er at dei ikkje tek så stor plass. Dette er ikkje «sillage»-bomber. Mange av dei duftene som er i same duftfamilie som Puredistance-duftene er voluminøse og kan vere overveldande. Puredistance-duftene er meir dempa, men elegante og velkomponerte.

I kom først, i 2008. Den er ei grøn, frisk duft, med eit distinkt preg av magnolia, solbær og mimosa. Eg er normalt litt skeptisk til mimosa, iallfall åleine, men i I er den så pent pakka inn at det berre blir oppkvikkande, lett og likevel ikkje karakterlaust.

I minner meg om Magnolia Nobile, men er meir balansert og nettopp, dempa enn Acqua di Parma si stjerneduft. Den kan også minne om den norske dufta Laila av Geir Ness, men den er langt meir diskret. Laila kan vere ganske «in your face». I held seg frisk lenge, basen av vetiver og kvit musk syter for det.

M er i utgangspunktet lansert som ei herreduft, men den er unisex på same måte som Donna Karan Black cashmere og Bulgari Black. Den er prega av edle tresortar, lær, amber og patchuli. Men den har også eit hjarte av eikemose (eller bleiktjafs, som det heiter på norsk) og vetiver som gjer at den ikkje vert altfor sødmefylt.

Dette er ei duft i den kategorien der ein kan finne på å følgje etter ein mann på gata som har den på seg. Den er tørr, varm, delikat og rein på same tid som den er krydra og kompleks. Nydeleg!

Antonia er ei tyngre duft enn I, men ikkje tung. Den minner meg intenst om Beautiful, slik eg huskar den då den kom på midten av åttitalet. Den minner også sterkt om Chanel no. 5, mest kanskje om flankeren Elixir Sensuel som vart lansert i 2004.

Desse tre duftene har alle Ylang ylang, jasmin og neroli (appelsinblomst) blant notane sine, det gjer at dei har eit nært slektskap. I tillegg deler Beautiful og Antonia notane galbanum, vetiver og vanilje.

Av desse tre er Antonia den mest diskrete, du må inntil for å kjenne den godt. Men det kan ofte vere ein god kvalitet ved ei duft. Beautiful og alle verdas variantar av no. 5 kan ta over eit rom heilt på eiga hand om dei får lov.

Når Antonia har vore på huda nokre timar vert den varmare og samstundes meir pudrete. Eg likar nok best opninga, då er eg tilbake på åttitalet med ein gong – fast på ett bra sätt, som svenskane seier. Alle tre duftene er diskrete nok til å bruke på kontoret eller på reise, og du er garantert eit takras av kompliment uansett kva for ei av dei du vel.

Prismessig er dei ei katastrofe, du får det fine settet du ser over her med tre kapslar som inneheld 17,5 ml kvar for 390 euro, viss du er i det rampete hjørnet. Noko å gi seg sjølv til jul, kanskje? Ein av dei kostbare kapslane kostar 165 euro. Ha ei velduftande jul!

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply