Billig mat, Fest, Jul, Tilbehør, Veggis
Comments 6

Salt julesnop

Eg har sett på mange oppskrifter på spiselege julegåver, og mykje av dette er veldig søte greier. Når jula er på det mest intense får eg ofte behov for noko salt, og det må vere noko anna enn ribbe og medister.

Desse små ostesnacksbitane vart redninga for meg. Ostesnacksbitane kan lagast med ulike typar fast ost. Eg hadde cheddar i kjøleskapet, men dei blir også gode med jarlsberg, gruyére eller pecorino. Fasongen på ostesnacksbitane kan variere, eg brukte ein sirupsnittkuttar for å få fine, taggete kantar. Ikkje lag dei for store, dette skal vere snacks, ikkje kjeks som tilbehør. Du kan også lage stenger av denne deigen, og drysse litt ekstra ost på. Då blir dei fine til suppe eller som eit alternativ til saltstenger eller grissini.

 I denne oppskrifta har eg brukt røykt paprika. Det er paprikapulver som har ein distinkt røyksmak. Eg har ikkje funne det i Norge, men eg er fæl til å raide hyllene i finare matbutikkar når eg er i utlandet, og på den måten fekk eg ein boks med meg heim. Dersom du er i utlandet kan du gjere det same, viss ikkje kan du bruke litt cayennepeppar blanda med vanleg paprikapulver. Du kan også få tak i røykt paprika på nettet. Slik gjorde eg det:

Ostesnacksbitar

100 g kveitemjøl

50 g smør

50 g riven vellagra ost, eg brukte cheddar

1/2 ts salt

1/2 ts bakepulver

1/2 ts røykt paprikapulver eller vanleg blanda med ørlite cayennepeppar

Litt grovmalt peppar

2-3 ss kaldt vatn

Eit egg til pensling

Set omnen på 210 grader.

Ha mjøl og smør i ei matmølle. Køyr det til ein grynete masse. Ha i osten, og køyr den inn saman med salt, bakepulver, paprika og peppar. Ha i vatn litt og litt, til massen har samla seg rundt midtstolpen i matmølla. Ta deigen ut, form den til ein tallerken og set den kaldt ein time.

Kjevle den ut til ca. 1/2 cm tjukkleik.  Kutt den i passe store bitar, og legg dei over på ei bakeplate dekt med bakepapir. Pensle dei med samanpiska egg, og steik dei i 12-15 minutt, til dei er passe gyldne og sprø.

La ostesnacksbitane kolne på ei rist før du pakkar dei pent inn.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Jul, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Disse så gode ut 🙂 Kanskje jeg må prøve disse til jul?

  2. hvor lenge holder disse seg, og hvordan bør man best oppbevare dem hvis de skal gis bort?

  3. I tett boks held dei seg i to-tre veker iallfall. La dei kolne over natta før du legg dei i boks. 🙂

  4. Pingback: Gåveidéar | Alt godt

  5. Pingback: Tips til heimelaga julegåver | Alt godt

Leave a Reply