Jul, Livet, Lykke
Comments 7

Praktiske romjulstips

Utelukkande basert på søk i bloggen min i går:

Fryse karamellpudding: Ja, ifølge kvalifiserte menneske eg har snakka med bør det gå heilt fint. Men står den kaldt og godt tildekka så held den seg i minst 5-6 dagar.

Fryse pinnekjøtt: Ferdig dampa pinnekjøt kan frysast. For å spare plass i frysaren vil eg anbefale å rense det, og fryse berre reint kjøt samt krafta. Perfekt til ertesuppe og lapskaus, til dømes.

Bruker jeg egg i medisterkaker: Ja, som hovudregel gjer ein det. Men har du eggeallergikarar kan du erstatte eit egg med ei teskei bakepulver i farsen.

Sjokolademousse av toblerone: What’s not to like? Køyr på, og bruk den sjokolademousseoppskrifta du vanlegvis brukar, men bytt ut vanleg sjokolade med tobleronen.

Legge ribba så den buer: Ja, det bør ein absolutt gjere. Det er beste måten å sikre sprø svor på, for då renn feittet av, og svoren puffar opp så lett som berre det.

Litt tam potetsalat: Ha i litt ekstra løk, litt kvitløk viss du likar det og krydre med godt med peppar. Det brukar å gjere susen. Ein dash med sylteagurklake er også godt viss potetsalaten treng litt syre.

Steke ribbe med ingefær i langpanna: Knallgodt. Ikkje for mykje, men litt skoren i skiver. Det gir deilig smak til sausen.

Hvordan unngå at ribbesausen skiller seg: Lagar du saus av steikesjya må du først og fremst fjerne så mykje som mogeleg av feittet. Bruk til dømes ei rein ketchupflaske, og sug opp ribbefeittet av sjya. Spe ribbesausen med litt appelsinsaft og litt fond utblanda med vatn, og la den koke ei stund før du jamnar den med litt maisena utrørt i kaldt vatn.

Frieri: Ja, eg har blitt fridd til! 😀 Og eg sa ja, sjølvsagt. Eg veit det ikkje er eit praktisk romjulstips, men eg måtte berre seie det. Eg har verdas beste mann! <3

This entry was posted in: Jul, Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

Leave a Reply