Billig mat, Dessert, Fest, Jul, Noko søtt
Comments 5

Karamellpudding

Å lage dessert er ei stor glede. Du har god tid, og kan lage den dagen før. Dermed kan du møte gjestane dine med senka skuldrar når dei bankar på døra. Alle likar dessertar. Etter ein god middag vert desserten prikken over i-en. Maten vert drygare med ein dessert til slutt, du kan rekne at det går litt mindre av hovudretten når du varslar at det er ein deilig dessert i vente.

I dei fleste oppskriftene på gode juledessertar skal det vere vaniljesukker. Finn du ekte vaniljesukker, så kjøp det, og finn du det ikkje så mas på butikksjefen der du handlar for å få han til å ta det inn.  Det smakar SÅ mykje betre enn vanleg vanilin-vaniljesukker, som er smaksett med kunstig vanilje. Merket er Tørsleffs, og grossisten heiter Haugen-gruppen, kan du seie til kjøpmannen din. Cemo krydder har også ekte vaniljesukker. Du kan sjølvsagt også lage ditt eige, ved å putte brukte vaniljestenger i eit glas med fint sukker.

Karamellpudding må du lage minst dagen før den skal serverast. Den held seg innpakka i plast i kjøleskap i fire-fem dagar, og tapar seg ikkje noko særleg ved å bli lagra så lenge. Har du ikkje kremfløte går det fint å bytte den ut med mjølk, altså totalt 9 dl mjølk i staden for 6 dl mjølk og 3 dl fløte.

Karamellpudding

1 1/2 dl sukker

1 vaniljestang eller 3 ts ekte vaniljesukker

6 dl heilmjølk

3 dl kremfløyte

6 ss sukker

8 egg

Ha 1.5 dl sukker i ei avlang brødform og sett forma på middels varm kokeplate. Karamelliser forma utan at sukkeret svir seg. Sukkeret skal altså smeltast i botn og på sidene av forma. Sett forma til avkjøling. Glasuren kjem til å sprekke, det gjer ingen ting.

Har du induksjonsomn, så smelt sukkeret i ei steikepanne utan å røre anna enn på slutten. Hell det i forma og la det kolne.

Splitt vaniljestanga på langs, skrap ut dei små, svarte frøa og ha frø og stang i ei gryte saman med mjølk, fløyte og 6 ss sukker. La det heile få eit oppkok, og avkjøl blandinga litt. Pisk egga lett saman. Hell mjølkeblandinga over eggemassa medan du rører godt.

Sil blandinga over i den glaserte forma. La forma stå 10 minutt før du set ho inn i omnen.

Steik puddingen ved 125 grader vannbad på nederste rille. Forma skal stå i ei langpanne fylt  halvt opp med varmt vatn. Eg brukar å koke opp vatn i vasskokaren eller i ein kjele, det tek lang tid å koke opp vatn i langpanna.

Steik puddingen i 1 1/2 time. Stikk ein kniv inni puddingen og sjå at det ikkje kjem mjølk piplande fram, då er puddingen steikt. Når du tek ut forma, må du ikkje ta ut langpanna, då skvalpar det garantert. La langpanna stå i omnen til den og vatnet har kolna, så unngår du skolda leggar!

La puddingen stå til dagen etterpå før du vender forma på eit fint, avlangt fat. (Den kan godt stå lenger og, så lenge den står kaldt. Karamellsmaken vert berre meir intens.) Då har fuktigheita frå puddingen gjort karamellen om til karamellsaus, og det heile smakar himmelsk! Pisk gjerne litt krem og server til, det smakar godt. Men har du ikkje krem til så er desserten like god for det. Godt nytt år!

5 Comments

  1. Olaug Trovåg says

    På Glasmagasinet på Amfi i Ørsta får ein kjøpe ekte vailjesukker i krydderboksar. Der er slik med svarte frø, blanda med vanlig sukker. Det som du nemner er meir finmele og «grått». det har dei hatt på Coop. Å få dei svarte frøa ut or stengene er ikkje alltid like lett viss stengene er tørre som knusk.

  2. Jeg bruker 7 egg og kun helmelk, oppskrift fra veiledningstjenesten i heimstell ca 1972. Funker fortsatt. Arne lærte meg at det er bare en fordel om puddingen står en ukes tid før den skal brukes – mer karamellsaus, mindre oppvask. Jeg pleide å stresse med å lage den lillejulaften. Den trenger ikke plast heller, hos meg står den på kjølerommet og klarer seg fint til uti romjula. VI spiste den siste puddingen i går.

    • Ja, har du eit friskt og fint kjølerom så treng ikkje karamellpuddingen pakkast så veldig inn. Godt nytt år, Hilde! 🙂

  3. Pingback: Oppskrift på det meste – drikkelig.no

Leave a Reply