I desse nyttårskavalkadetider kjem dei bilda vi så smertefullt måtte leve med i sommar tilbake. Mange har tørka tårer over å sjå att rosehavet, menneska og reportasjene frå slutten av juli og tidleg august.
Å sjå dette om att er vondt, men det hjelper oss med å gå vidare trass i at det aldri kan bli heilt som før. Til det er for mange borte og for mange er skada i sinn og skinn.
Denne filmen trøsta meg veldig. Vox Humana framfører Eg veit i himmelrik ei borg, og måten dei held rundt kvarandre og bevegar seg på er utruleg rørande og fint. Eg kjenner også den intense fellesskapskjensla ein ofte har når ein syng i kor, den kjensla som gir deg energi i staden for å ta energi. Alle burde få prøve det ein eller annan gong i livet.
Og møter du nokon desse dagane som du ser treng å bli holdt om, så gjer det. Hold om kvarandre.
Flott arrangement av en nydelig salme! Takk!
Ja, Magnar Åm har laga ei lita perle her. Godt nytt år til deg, Hilde!