Duft
Comments 2

Alt eg gløymer å fortelje!

Eg får inn ein mail eller ei facebookmelding, og så tenker eg; Det må eg blogge om. Men så dett det ut av hovudet før eg veit ordet av det.

Då er det godt å få påminningar. Heaven Scent har fått inn heile duftrekka til Frederic Malle! No treng vi ikkje lenger reise til London eller Paris for å få lukte på desse fantastiske duftene. Du får ikkje gått inn i parfymedusjen, slik du får i butikken til Frederic Malle i 37, Rue Grenelle, men du får iallfall snust på alle.

Min favoritt; Eg har Angeliques sous la pluie, og elskar den grøne, krydra aromaen av kvann. Eg har gått litt med Musc Ravageur og, takka vere snille duftvener.

Men no skal eg ta meg ein ettermiddag på Heaven Scent og snuse meg igjennom heile serien. Vil du vere med så heng på!

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Oddhild Brandal says

    Hei Gunda.
    Stå på! Det varmar eit gammalt lærarhjarte å sjå kor tru du er mot språket ditt – og dermed identiteten din gjennom jobben som aktiv skribent i media. Vakkert!

    Helsing Oddhild B.

Leave a Reply