Livet, Lykke
Comments 4

Denne mannen

Han vil det eg vil.

Han les tankane mine. Og så spør han for å sjekke om det stemmer.

Han seier det han meiner. Og det ligg aldri, aldri ei avvising i det.

Han held ut med mine hang-ups og tøysete idéar. Og ofte blir han jammen med på dei og.

Han høyrer på meg. Tolmodig og open.

Han er ærleg. Tvers igjennom ærleg. Og det gjer meg aldri redd.

Han seier alle dei rette tinga. Kvar gong.

Han ser på tv viss eg ser på tv, fordi det er så koseleg å gjere det saman. (Han har aldri sett på tv før.)

Han tek passe mykje omsyn til meg. Ikkje for mykje, ikkje for lite.

Han blir ikkje redd.

Og eg blir eit betre menneske av å vere saman med han.

Er det rart eg elskar denne mannen?

This entry was posted in: Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Snuffeldyret says

    Som vi sier på Lierskovisk: e de itj hæle når ailt klaffe?

Leave a Reply