Noko søtt, Safting og sylting, Veggis
Comments 6

Klassisk appelsinmarmelade

Kva er betre på rista brød enn ein tjukk, smakfull appelsinmarmelade?

Det var det einaste syltetøyet som vart kjøpt heime hos oss, så difor bar appelsinmarmeladen med seg ein smak av den store verda for meg.

På denne tida er sitrusfruktene på sitt aller beste. Dei store saftige appelsinene, dei små, smakfulle blodappelsinene, grapefrukt og juleklementiner som ligg att no etter årsskiftet.

I nokre spesialbutikkar for frukt og grønsaker kan du også finne bitre appelsiner. Dei er i sesong frå januar til mars, og er perfekte til å lage appelsinmarmelade av. Dei kallast også Sevilla-appelsiner, og finn du pomerans i ei oppskrift er det skalet av desse appelsinene som er kandisert eller tørka og malt.

Sevilla-appelsinene er mindre enn dei vanlege appelsinene, dei er ikkje større enn dei største klementinene. Til gjengjeld er dei veldig kompakte og tunge, det er fordi dei har eit tjukt skal og er stappfulle av steinar. Dei kjem til nytte når ein skal lage marmelade, for dei er veldig rike på pektin, som gjer at syltetøyet vert stivt. Særleg steinane er rike på pektin, så dei får koke med i eit tøystykke, slik at dei slepper alt pektinet dei har i seg.

Utslitne skjorteryggar er det beste og billigaste stoffet å bruke til slike matoppdrag der kraft skal silast og ting skal knytast i pose. Når mor mi utrangerer skjortene til far min får eg av og til ein rygg. Dei er også fine til dampeklede når ein skal stelle ullgenserar. Ein av ryggane er klipt til mindre bitar som egnar seg godt til marmeladekoking.

Det finst også enklare vegar til god appelsinmarmelade. Eg har tidlegare presentert ei lettvint oppskrift som eg brukar å lage til jul, den smakset eg med whisky. Den finn du her .

Du kan også vere heldig og finne ”materialet” til sevilla-appelsinmarmelade i butikkane. Sist eg var på ein ICA-butikk hadde dei ”Ma Made Seville organges” på boks. Boksen inneheld 850 g råstoff, altså rensa og pressa fruktkjøt og skal i tynne strimlar. Dette kan du koke med sukker og vatn til ein fin marmelade.

Men det er også artig å lage marmelade heilt frå botnen av, og då bør du godsnakke med frukt- og grønsakshandlaren din, slik at dei tek inn sevilla-appelsiner/bitre appelsiner. Då kan du følgje denne oppskrifta:

Appelsinmarmelade

12-14 bitre appelsiner

1 sitron

8 dl vatn

1,4 kg sukker

1 ts smør

Del alle appelsinene i to langs ekvator. Legg eit såld oppi ein romsleg bolle, og klem alle appelsinene og sitronen fri for saft. Ta vare på steinane som samlar seg i såldet.

Kast halvparten av skala. Bruk ei skei eller eit melonkulejern, og skrap ut så mykje som mogeleg av det kvite av dei skala som er att. Det smakar bittert, og bør fjernast. Del skala i to, og snitt dei så fint som råd er i tynne strimlar.

Hell all safta i eit tjukkbotna gryte. Mål opp at det er ca. 5-6 dl appelsinsaft. Ha i det finsnitta appelsinskalet saman med vatnet. Legg appelsinsteinane i eit klede, og knyt att med ein bomullstråd. Legg ”pakken” i gryta. La det heile koke til appelsinskalet er mørt, ca. 45 minutt.

Fisk ut posen med steinane, og legg den til side på eit fat. Ha i sukkeret, og la det heile koke friskt i 20-30 minutt. Skum av etter kvart som det dannar seg skum. Smak på syltetøyet når det har kokt eit kvarter, om du syns det er passe søtt. Er det i syrlegaste laget kan du ha i litt meir sukker. Mi oppskrift har litt mindre enn dei fleste oppskriftene eg har sett rundt omkring.

Når posen med steinar har kolna litt kan du klemme på den over gryta, slik at pektinet som er att i den kjem ut. Dette rører du ut i gryta, det er med på å gjere marmeladen stiv.

Heilt til slutt har du i ei teskei smør. Det hjelper til med å klare syltetøyet ordentleg. Rør det godt inn, og skum av på nytt. Smøret bitt seg til avfallsstoffa i marmeladen, og feittet vert skumma av saman med skummet.

Fyll marmeladen på reine, nykokte glas, og skru til loket med det same. Oppbevar marmeladen mørkt og kjøleg, og server på toast med smør på. Mmmm!

6 Comments

  1. Eg er sjølvlært, ja. Mor mi lærte meg sjølvsagt mykje, og eg hadde ei veldig inspirerande husstellærarinne på ungdomsskulen, men bortsett frå det har eg tilegna meg matlaging ved prøving og feiling. 🙂

  2. janne og lasse says

    Denne oppskriften var veldig greit og enkel og resultatet ble det beste vi har fått til så langt:) takk, takk

  3. bjarnhild dotterud says

    Jeg lurer på om du tar høyde for at appelsiner er svært sprøytet med pesticider? som består av de samme giftstoffene som i biologisk våpen og som påvirker nervesystemet direkte.
    Siden det nå advares mot grønnsaker som er gjødslet med urent vann i tillegg til sprøyting må man bær være ekstra forsiktig.

    Jeg bruker økologiske appelsiner og sitroner fra en økologisk småbruker i Nice og villa aldri turt å bruke vanlige appelsiner og sitroner

    • Eg vaskar og skrubbar alt eg brukar godt. For meg som bur i Oslo er det lett å få tak i økologiske produkt. I og med at eg har lesarar over heile landet, så er eg fullt klar over at mange ikkje får tak i økologiske sitrusfrukter. Med mindre ein lever utelukkande på appelsinmarmelade så overlever ein å spise ei brødskive no og då med marmelade laga av godt vaska konvensjonelle appelsiner.

  4. Liv Marit says

    Har bestilt sevillaappelsiner og skal prøve oppskrifta di i dag. Den virker å være den mest pålitelige og nøyaktige av alle jeg kan finne. Lurt å koke de + sitronen først!
    Er glad i ingefær i marmeladen, så det vil jeg grovhakke og ha i. Spent på resultatet.

Leave a Reply