Bryllup
Comments 8

Ojojoj, så fine! You know the drill

Eg har kjøpt sko!

Eg har sett meg rundt når det gjeld brudesko utan å finne noko som eg har likt. Det er mange med perlebroderi, firkanta tå, slingback, ankelrem og andre ting som eg ikkje vil ha.

I dag gjekk eg innom Grensen 12, og der finn eg alltid fine ting. I brudesilkeskapet hadde dei berre ein modell eg kunne tenke meg, men den var i str. 37 og det var det siste paret dei hadde inne. Bortsett frå det hadde dei berre rare sko med unødvendige dippeduttar eller rar spiss på.

Men i hylla ved sidan av fann eg nokre fantastiske pumps frå Högl. «Til denne kjolen kan du til og med slå til med gullsko», sa sydama. Eg var skeptisk til det, men då eg såg desse var eg overbevist. Desse vil vere fantastiske til kjolen! Kjolen har nemleg eit broderi i ein gylnare tone enn sjølve kjolestoffet, og eg er sikker på at desse skoa vil passe heilt utruleg bra.

Dei du ser på bildet er altså i sølv, dei eg har kjøpt er i gull, men ikkje ein «sparkling» gull. Eg klarer ikkje å finne bilde av akkurat desse skoa, dei er visst nye for sesongen. På eska står det «taupe», men dei framstår som matte, classy gullsko. Enkle, gode å gå i og eg får laange bein i dei. Me like! <3

This entry was posted in: Bryllup

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Veldig lekre sko, Gunda! Men er de ikke veldig høye? Du skal tross alt gå rundt der som dronninga av festen i veldig MANGE timer…

    Hva prøver jeg å si? KJØP DE, men kjøp også et par som har lavere hæl så du kan skifte utpå natta.

    Eller vent – finnes det noe fetere enn ei brud barbeint på dansegulvet utpå natta? Trukke det.

  2. Det syns ikkje så godt, men det er eit lite platå framme, så dei er ikkje så høge som dei ser ut til. Men eg har eit par reservesko som er lavare som eg kan ta på utpå natta. 🙂

  3. Una says

    Fine! Og høres lurt ut med reservesko også. Selv om jeg mener bruda må få lov til å sparke av seg skoa og danse barbeint utover natta også.

  4. Ingvild says

    Ja einig med Una. Men de ser fine ut og gullsko er midt i blinken på ein slik dag! Du er verkeleg ein kjappas med denne shoppinga altgod, eg er imponert! 🙂

  5. Yay! Hurra for knallfine sko, og hurra for barbeint brud etterhvert. Boyoboy, det blir en bra fest 😀

  6. Lise says

    Kjempefine! Beina dine blir vel bare enda mer smekre i de hælene der 🙂

Leave a Reply