Billig mat, Middag, Veggis
Comments 2

Helgebønner

Med det nye året kjem pågangsmot og ryddevilje, iallfall ein raptus no og då.

I går fekk eg ånda over meg, og tømte ein heil skuffeseksjon på kjøkkenet. Ting som var gått ut på dato for lenge sidan vart kasta, rivna posar vart fylt over i små boksar og ting vart samla på ein litt meir intuitiv måte enn før. Baketing ein plass, ris og gryn ein annan plass og tear og liknande for seg.

Ein pose brune bønner som gjekk ut på dato i 2010 kom til overflata, og eg syns det var for gale å kaste den. Difor helte eg den i ein stor bolle, og slo godt med vatn over. I dag tidleg hadde innhaldet nesten nådd kanten på bollen, slike bønner utvidar seg når dei vert bløytte. Eg skulle ein tur i butikken, og før eg stakk ut sette eg bønnene på kok med nytt vatn, og putta oppi litt salt, nokre kvistar timian og ein halv sitron delt i to.

Då eg kom heim var bønnene klare til å bli omskapt til nydelege ting. Så fekk kjæresten min ein telefon frå ein kompis eg ikkje hadde møtt før, og inviterte han spontant på middag. ”Han er misjonerande veganar altså”, sa han då han hadde lagt på røret. Ups, eg var plutseleg glad eg ikkje hadde putta ein klatt smør i krafta, råflott som eg kan vere.

Gode råd var dyre, så eg gjekk igjennom kjøleskapet og såg kva eg fann. Der var det eine og det andre av grønsaker og tilsetningsstoff, så eg gjekk i gang med friskt mot. Og slik lagde eg min første heilveganske middag. Veganisme betyr at ein ikkje et eller brukar animalske produkt. Mjølk, egg og ost er dermed ikkje aktuelt, men heller ikkje silkeklede, lærsko eller ting med gelatin. Mange vinar er filtrerte ved hjelp av gelatin, og enkelte hudkremar inneheld dyreprodukt som dermed også er utelukka. Å gå på sirkus eller besøke dyrehagar vil ein veganar normalt avstå frå, av omsyn til dyra.

Då eg skulle til å lage mat las eg nøye på alle innhaldsfortegnelsane på buljong og ajvar, som eg bestemte meg for å bruke. Begge var mjølkefrie og utan gelatin og liknande. Ajvar får du kjøpt på innvandrarbutikkar, det er ein raud og smakfull paprikakrem som kan brukast i gryterettar og som pålegg. Den porsjonen eg lagde metta seks vaksne med byggris til. Slik lagde eg gryta:

Vegansk gryte

To gule løkar

fem gulerøtter

200 g sellerirot

Ein kålskalk, ca. 300 g

Seks fedd kvitløk

To toppa spiseskeier tomatpuré

Ei spiseskei ajvar

To terningar grønsaksbuljong

5 dl ferdigkokte bønner (eller avrente bønner frå boks)

Røykt paprikapulver viss du har

Salt, sukker og peppar

Olje til steiking

Vatn og kokekraft frå bønnene

Rens alle grønsakene, og del dei i passe store bitar. Eg hadde kvitløken heil i, når den vert kokt lenge vert den mjuk og deilig, og kan klemmast med gaffelen.

Varm opp oljen i ei gryte, og ha i løk og kvitløk. La dette surre i 8-10 minutt medan du rører. Ha i resten av grønsakene, og slå på kraft frå bønnegryta og litt meir vatn. Rør inn tomatpuré og ajvar, og smuldre buljongterningane i gryta.

La dette koke til alle grønsakene er møre. Rør inn bønnene til slutt, og la dei bli gjennomvarme. Smak til med salt, sukker og peppar.

Server gryta med byggris som du kokar etter anvising på pakken, og blandar i ein liten neve korintar i kokevatnet.

This entry was posted in: Billig mat, Middag, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Ovedia says

    Glad jeg bare er laktoseintolerang……

  2. nam 🙂 Og vi kan da alle ha godt av å spise litt mindre kjøtt i hverdagen, fin inspirasjon.

Leave a Reply