Fest, Noko søtt, Oppskrifter for barn
Leave a Comment

Dei beste fastelavensbollane

Her er mi oppskrift på dei beste fastelavensbollane. Eg er jo totalt inhabil til å vurdere om dei er best, men eg har iallfall prøvd og feila ein del for å kome fram til denne oppskrifta, så du kan styre unna dei verste tabbane ved å bruke denne.

Du kan bake dei som vanlege bollar, eller sette dei i krans og lage ein fastelavenskrans av dei. Fyllet eg har laga liknar på det du kan få i Sverige, då kallar dei bollane for semlor. Då riv du marsipan, og blandar i kremen. Deilig! Slik gjer eg det:

IMG_2994Fastelavensbollar

600 g /11-12 dl kveitemjøl

3,5 dl mjølk

1 pk gjær til søt deig

100 g smør

100 g sukker

1 ts bakepulver

1 ts kardemomme

1 ts salt

1 egg

3 dl kremfløyte

2 ss melis

1 ts vaniljesukker

100 g riven marsipan

Ha mjølet, saltet, sukkeret, kardemommen og bakepulveret i ein stor bakebolle. Smuldre smøret i mjølblandinga til det er ein kornete masse.

Varm opp mjølka til den er fingervarm, og løys opp gjæra i den. Bland saman mjølkeblandinga og mjølblandinga, og elt godt. La deigen heve under klede i nærare ein time.

Del opp deigen til passe emne, denne porsjonen gjev ca. 20 bollar. Trill dei ut til runde, fine bollar. Pensle dei med samanvispa egg, og la dei heve godt, minst 45 minutt, før du steiker dei på 200 grader i ca. 15 minutt, alt etter korleis din omn er.

La bollane kolne. Pisk kremfløyten til krem med vaniljesukker og melis. Del kremporsjonen i to. Bland inn den rivne marsipanen i halvparten av kremen.

Del bollane i to, og grav ut litt av botnen av bollane. Legg marsipankrem på den nederste delen, så ei skei vanleg krem, og så legg du toppen på.

Eg delar kremen i to fordi marsipankremen ser litt grynete og rar ut. Det blir penare med glatt krem øverst. Syns du ikkje det er så nøye med estetikken, så bland marsipanen i heile kremporsjonen, og fyll i bollane. Alt blandar seg i magen likevel.

Leave a Reply