Billig mat, Middag, Noko søtt
Comments 4

Pannekakedagen

I dag er det feitetysdag, dagen før askeonsdag då fasta for alvor vert innleia. I Norge er det tradisjon for å spise feit mat denne dagen, det vanlegaste er rømmegraut.

I dei anglosaksiske delane av verda derimot, er dagen i dag pannekakedagen. Og sidan eg er åleine til middag i dag er det enkelt med pannekaker.

Då lagar eg røra klar, steiker dei eg vil ha, og så står ei mugge med røre klar i kjøleskapet til dei som kjem seint heim. Slik lagar du mine gode pannekaker:

Pannekaker

2 egg

3 ss sukker

½ ts salt

3 dl kveitemjøl

5 dl mjølk

2 ss smelta smør, eller flytande bremykt

Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Steik pannekakene pent brune med ein liten klatt smør for kvar pannekake. Eg likar pannekaker med sukker og sitron, og drysser ei lita teskei sukker på pannekaka etter at eg har snudd den slik at det smeltar. Så krystar eg litt sitron over, og serverer.

This entry was posted in: Billig mat, Middag, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Hmm, hørtes nydelig ut men med sitron på…?Den var ny for meg men sikkert deilig.
    Vi var inviterte på feit tirsdagmiddag i dag men som vanlig en nedtur…Jeg klarer ikke kålrotstappe uten smør og krydder og salt. Når det smaker ingenting og jeg vet hvor godt en slik rotstappe kan smake får jeg aldeles vann i munn og lyst til å løpe hjem og lage den ordentlig….Æsj, får ta det igjen til helga !

    Nå har jeg blogga om boka di….

    hugs

Leave a Reply