Billig mat, Eplekaker, Noko søtt, Pai, Veggis
Comment 1

Fruktcrumble – og litt matøkonomi

På bursdagsfesten til sekstenåringen serverte eg ein fruktcrumble som eg lagde med dei fruktene eg hadde i huset. Eg hadde eple, plommer og mango, og det vart ein fin balanse mellom aromatiske eple, syrlege plommer og den søte mangoen som heldt på å bli overmoden.

Toppingen på ein crumble (eller smuldrepai) må vere god, elles vert den kjedeleg. Det finst mange variantar av denne, og på søndag lagde eg heilt min eigen. Eg har tidlegare fortalt om kor glad eg har blitt i brødbakemaskinen vår. Ulempa med ein brødbakemaskin er at med kvar omgong brød vert det ein liten del som er litt «ukurant». Det er den delen av brødet som sit der kniven hamnar.

Der kniven sit når brødet er ferdig vert nemleg ei lita hole i brødet, og akkurat rundt der er det ikkje så lett å skjere fine skiver. Min kjære kom opp med idéen om at ein kunne lage brødterningar av dette. Det går fint å lage krutongar av slike restar. Men hans forslag var meir spennande. Han hadde vakse opp med tørka terningar av brød servert med surmjølk og sukker på i staden for musli. Smart!

Så no vert alle brødrestar skorne i terningar her i huset. Terningane legg eg i ei korg som får stå i vinduskarmen rett over varmeomnen, og der tørkar dei i løpet av ein dag viss eg vender rundt på dei eit par gongar. På denne måten slepp eg å kaste brød, og kjæresten får musliterningar i staden for butikkmusli. Desse terningane fekk også vere med i crumble-toppingen på frukta eg serverte i sekstenårsbursdagen.

Eg krydra crumblen med honningkakekrydder frå Danmark. Har du ikkje det, så kan du lage ei krydderblanding av 2 ts kanel, 1 ts nellik, 1 ts malt ingefær og 1 ts kardemomme. Slik gjorde eg det:

Fruktcrumble

Ein mango
Tre eple
Åtte store plommer (ei korg frå butikken)
1 dl mjøl
1 ts honningkakekrydder

Crumble:

2 dl havregryn

1 ts honningkakekrydder
100 g smør
100 g brunt sukker
100 g musli eller tilsvarande mengde tørre brødterningar

Rens og del opp frukta i passe store bitar. Bland 1 ts krydder inn i mjølet. Vend frukta i kryddermjølet. Legg frukta i ei eldfast form.

Ha havregryn, brunt sukker, 1 ts krydder og smøret kutta i terningar i ei matmølle, og køyr det nokre gongar. Ha i brødterningane (eller musli) og la maskinen gå bittelitt. Brødterningane skal ikkje bli heilt knust, dei skal lage litt krunsj på toppen. Bak det heile i 40 minutt på 200 grader.

1 Comment

  1. Tenker det var et populært innslag i bursdagen! 🙂 Takk for tips om både frukt og brødrester. 🙂

Leave a Reply