Fest, Middag, Pai
Comment 1

Aspargespai til mange

Eg held framleis på med oppskriftene frå sekstenåringens bursdagsfest forrige helg. Dette er hovudretten, ein pai med asparges, bacon og raudløk. Den vart sett pris på av dei fleste, og eg tenkte at sidan dette er ei stor oppskrift kan den vere grei å ha til påkommande festar.

For ein pai må ikkje lagast i ei rund form med bølgekant. Denne lagde eg i ei av langpannene mine, ikkje den som kom med omnen men ei eg har kjøpt på Jernia som kjem med lok. Den har rette, fine kantar så den er enkel å bruke, og sleppbelegget gjer at ingenting legg seg ved. Storleiken på forma er ca. 20×30 cm, og dette er mellom 12 og 16 serveringsporsjonar, alt etter kor store stykke folk tek.

Aspargespai

250 g smør

500 g mjøl

1 dl vatn

1 ts salt

500 g bacon i terningar

Tre raudløkar

400 g sopp

500 g ferdig rensa asparges

Smør til steiking

Salt og peppar

14 egg

5 dl kremfløte

2 dl mjølk

100 g riven parmesan

Set omnen på 180 grader.

Ha smør og mjøl i eit matmølle. Ha i saltet, og køyr det heile til ein grynete masse. Når alt smøret er finfordelt har du i det kalde vatnet og køyrer litt til, slik at deigen samlar seg om kniven.

Kjevle deigen ut så stor som forma er og litt til. Legg leiven i forma, og press den godt ut i kantane. Prikk deigen med ein gaffel, og forsteik den i 10 minutt. Ta den ut og set den på benken.

Rens alle grønsakene. Steik baconet i litt smør til det er sprøtt og fint. Ta det ut av steikepanna med noko som gjer at feittet vert att i steikepanna. Fordel baconet utover i paiskalet. Dryss riven parmesan oppå baconet.

Steik soppen i baconfeittet, og ha det og i paiskalet når det er ferdig. Steik aspargesane til slutt, tilsett meir smør viss det trengst. La dei kolne, og kutt dei i passe store bitar. Fordel dei utover i paiskalet. Til slutt steiker du raudløkane i båtar, og fordelar dei og utover.

Bland saman mjølk, fløte og egg, og slå det over grønsakene i paiskalet. Set forma inn i omnen, og bak paien til den er nesten fast i midten, ca. 30-40 minutt.

Server paien med ein god salat.

This entry was posted in: Fest, Middag, Pai
Tagged with: , ,

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Klipra says

    Eg er alltid på jakt etter rettar som er enkle å servere i store selskap og denne paien verkar midt i blinken. Kor stor er denne forma og kor mange personar er denne til?

Leave a Reply