Grønt, Lykke
Comments 4

Der det er liv er det von

Overalt får eg tilbod om å kjøpe løkplantar i potter for tida.

Det er eg glad for, det er få ting som uttrykker vona om at våren er på veg som ei tettplanta potte med muscari, tulipanar eller tète a tète-påskeliljer.

I dag vil eg berre minne deg om at dersom du gjer som meg, og fell for desse gode tilboda, så kast for all del ikkje løkane etter at dei har blomstra av! Dei kan ha eit langt og godt liv framfor seg med di hjelp.

Alle desse løkane kan nemleg blomstre igjen neste år. Når di potte er blomstra av kan du berre la dei stå i potta og visne, typisk i ei kjellarbod eller liknande. Dei kan faktisk også gjerne få litt gjødning i denne visnefasen. Det gjer løkane sterkare.

Når dei har visna heilt ned kan du fjerne «graset», og legge løkane i ei luftig korg på ein ikkje for fuktig stad. I september er det klart for å grave dei ned i jorda. Legg ein huskelapp i kalenderen din, så gløymer du det ikkje.

Har du ikkje hage? Lån ein! Plant løkane i ein solfylt grøftekant der du passerer ofte, under hekken i burettslaget der du bur eller i utkanten av ein park der du trur folk vil ha glede av nokre vårblomar som sprutar opp. Gerilja-haging, kallast det.

Eller kanskje kjenner du ei gamal dame med hage som ikkje klarer å stelle sin eigen lenger? Då kan du spørje om å få grave dei ned hos henne.

Når du plantar løken skal den ha dobbelt så mykje jord over seg som løken sjølv er høg.

Løk kan også leggast i lag, tulipanar nederst, så muscari og til slutt krokus. Då har du samla deg eit flott lite bed der det vil blomstre frå april til byrjinga av juni. Neste år. 🙂

Kunsten er å smøre seg med tolmod!

Det er ikkje mi sterkaste side, men når det gjeld hagen har eg klart å opparbeide ei viss evne til å berre la ting stå og bruke den tida det tek for å la dei kome til sin rett.

Ha ein fin dag, alle flotte lesarane mine!

This entry was posted in: Grønt, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Eg og er så glad i løkar i potter. Mine vert nok planta i jorda for tidleg. Ikkje grev eg opp tulipanløkane heller … Men mykje kjem opp att, i alle fall eit år eller to. Spørs om den milde vinteren her i vest gjer at vi er heldigare i år enn i fjor?

  2. Opp- og nedløkar må klare seg sjølv her hos meg. Dei står i jorda, og eg gjer ikkje noko meir med dei. Men å vente til i september er nok lurt. Dei samlar krefter i dvaleperioden.

  3. Jeg har også løk innendørs på denne tiden, men må innrømme at de ofte bare kastes etter avblomstring. :o)

  4. Hah! Selv om vi ikke har hage, så er det da så visst en liten gressflekk utenfor inngangsdøren her… da vet jeg hvor mine løker skal etterpå. 😀

    Tror dessuten jeg skal prøve å ta vare på noen av dem i en korg i boden og sette dem i blomsterpotter igjen i september og la dem stå i boden til våren, se om de spirer da.

Leave a Reply