Frustrasjonar, Kaker, Noko søtt
Comments 7

Eit kakevrak…

-Slik går det når ein er for eksperimentell.

Eg fekk det for meg at eg skulle lage ei mangokake. Og å kopiere andres oppskrifter er feigt, så eg byrja frå scratch, og lagde ei kake etter beste skjønn og erfaring. Det funka ikkje. Toppen av det heile er sjølvsagt at denne skulle i avisa neste helg.

Så no har eg kake nr. 2 til kolning, den vart bakt med ein annan metode og den ser ein god del betre ut. For eit styr! Det er ikkje alltid ting går på skinner her, altså, det kan eg gjerne innrømme. Ha ein fin søndagskveld, og unngå baking på frihand!

This entry was posted in: Frustrasjonar, Kaker, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Nei, nei, så leitt. Var redd du hadde prøvd deg på min Mangokake, men skjønte etterhvert at det var din egen «finnepåkake». Frihåndsbaking skal fungere det, så lenge en støtter seg på tidligere kunnskap og erfaring om hva som går og ikke går, så her har du nok vært uheldig. Selv når du følger en oppskrift, kan jo noe bli glemt, for eksempel bakepulver, og så blir det fiasko likevel.
    Ja til frihåndsbaking, ikke gi deg.
    Anne S

  2. Eg skulle nok hatt deg her, Anne. 🙂 Det handla nok om at det vart for mykje syre og dermed ubalanse med natronen. Det er vanskeleg å berekne kor mykje syre ei teskei natron kan takle. Men den nye er bakt med bakepulver, langt meir stabilt.

    • Nei, den smakte ikkje ein gong godt, konsistensen var omtrent som gjørme. :-/ Men den andre vart god!

  3. Åh jeg kjenner meg igjen. Og hver gang sverger jeg på at jeg skal ALDRI mer bake! hahahahahaha

  4. Første gang jeg smakte Verdens Beste (Kvæfjordkake) var den ca 3 cm høy og måtte hugges med teskje. Derfor var jeg veeeldig skuffa da jeg senere skulle få Verdens Beste og fikk en høy gul ting med marengs og krem og greier – det var jo ikke SÅNN den skulle være… 😉

    Men bake på frihånd? Det vil jeg alltid fortsette med, samme hva du sier!

  5. Oisann! Godt at neste forsøk gjekk betre.
    Må elles legge til at den beste sjokoladekaka eg har smakt var bakt på frihand. Den såg ikkje ut og hang ikkje saman, men smakte aldeles vidunderleg med kirsebæryoughurt på.
    Bakaren baka ei ny (også den på frihand sidan vi nett hadde flytta og ikkje ante kor verken litermål eller kokebøker var å finne), og den vart presentabel nok til å ta med i selskap.
    Trur neppe den var like god som vraket 🙂

Leave a Reply