Day: 02/03/2012

Pinnebrød på skogstur

Det hjelper på humøret å kome seg ut litt. Ein treng ikkje dra så langt, finn deg ein liten skog i nærleiken der du kan dra med bålpanne og pølser og late som om dokke er på langtur. Kakao på termos og marshmellows til å grille høyrer også med. Eg likar å bruke litt ordentlege pølser når vi dreg på slik tur. Bratwurst og ostepølse passar perfekt til bålgrilling, tre dei på ein pinne og surr litt brøddeig rundt. Då får du pølsebrødet klart når pølsa er ferdiggrilla. Det går også an å lage berre pinnebrød, utan pølsa i midten. Når eg lagar pinnebrød lagar eg ein smakfull deig. Eg brukar olivenolje, krydder og litt maltekstrakt i deigen. Det gjev gjæra god næring, og gjev også det ferdige brødet ein rund og god smak. Det går også fint å lage deigen dagen i førvegen, og la den heve i kjøleskapet. Lag ein pizzadeig med dobbel porsjon kvelden før, server ein god pizza til familien og legg halvparten av deigen i ein olja boks i kjøleskapet …