Dessert, Fest, Formkaker, Kaker, Mat, Noko søtt, Veggis
Comments 3

Mangokake

Den deilige og syndefulle baksten eg har laga i dag er ei saftig og god mango-kake. Den er ei enkel formkake som eg lagar i ringform, då blir det lett å lage lekre stykke. Bak den gjerne i ei lita rund form og, eller ei avlang form. Tilpass steiketida etter kor ”tjukk” kaka blir.

Om ikkje så lenge er det sesong for dei aromatiske pakistanske mangoane. Når dei kjem i innvandrarbutikkane er det berre å slå til. Men denne kaka kan lagast med hermetisk mango og grøn bend-it-mango og. Slik gjer eg det:

Mangokake

250 g mjøl

2 ts bakepulver

150 g smør

200 g sukker

2 egg

2 mangoar (ca. 150 g mangopuré)

1 ts kardemomme

Saft og skal av ein halv sitron (ca. 2 ss)

Glasur:

1 ss sitronsaft

300 g melis

Vatn til passe tjukk glasur

Set steikeomnen på 190 grader. Gjer klar forma ved å smøre den med eit tynt lag smelta smør, og så strø i ei spiseskei kveitemjøl som du ristar rundt til botn og kantar er dekt.

Pisk sukker og smør lyst og luftig. Ha i egga eitt og eitt. Bland saman mjøl, bakepulver og kardemomme i ein beholdar. Rens mangoane, mos fruktkjøtet av den eine og bland i sitronskal og saft. Det skal bli ca. 2 dl mangopuré. Hakk fruktkjøtet av den andre i terningar.

Vend mjølblandinga inn i sukkersmøret vekselsvis med mangopuréen. Vend til slutt inn mangobitane.

Fordel røra i forma, og steik kaka på 190 grader i 40-50 minutt. Sjekk med ein spagettipinne om den er steikt, når pinnen er tørr når den kjem ut er kaka ferdig. La kaka kolne i forma medan du lagar glasuren. Når den er nokolunde kald kan du snu den på kakefatet du skal servere den på. Pynt med glasur, og server med ein god kopp kaffe. God søndag!

3 Comments

  1. Ser flott ut. Men kanskje du skulle angi omtrent hvor mye mango som trenges. Noen mangoer er større enn andre. Tipper 100-150 g mangopure er passende utifra hvor mye mel du bruker.

    • Stine Hiis Hauge says

      Veldig god kake, bakte den nettopp nå! Men er enig i at mengde mango hadde vært bedre enn antall. Også mengde sitronsaft, heller enn «saft av 1/2 sitron» sitroner varierer også i størrelse og i hvor saftige de er. Men overraskende god kake!

Leave a Reply