Livet, Utstyr
Comments 5

Minneeskene våre

I dag kjem eg med eit lite tips for oss som driv med compact living midt i byen. Det er ei utfordring at husveret vert fylt opp med ting av større eller mindre verdi. Mykje får ein seg ikkje til å kaste, det ligg mange fine minne i ting som barna våre har fått eller laga.

For mine barn har eg laga minneesker. Ei eske per barn per to år tek vi vare på, så no har vi Agnete 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12, 12-14, 14-16 og no har eg nettopp kjøpt ny til 16-18. Vemund har 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12 og 12-14. Dei som er i bruk no (12-14 og 16-18) står i bokhylla, resten står i vår tørre kjellar.

I desse eskene har vi alt som har vore verd å ta vare på gjennom desse åra og som får plass i eskene. I 0-2-eskene har vi den første tannbørsten, favorittsmokken, bursdagskort, bilde, namnedagskjole, dei første nike-skoa og masse anna.

Vidare oppover har vi fortsatt med bilde og bursdagskort, og supplert med teikningar, matteprøver, påskekyllingar, norskstilar, beskjedar til mamma, deltakarkort på UKM og alt mellom himmel og jord, eigentleg.

No, i ein alder av 13 og 16, elskar dei å ta fram dei gamle eskene og kike i dei. Ting dei tidlegare vart flaue over er no berre morsomt å sjå på, og dei frydar seg over å bla i gamle teikningar og bursdagskort.

Og så kjem det viktigaste elementet: Alt som ikkje går i minneeskene blir enten kasta, selt eller gitt bort. Vi tek ikkje vare på noko som ikkje går i desse eskene. Det reduserer mengda rot i huset enormt, og gjer at det går an å leve på 114 kvm sjølv om ein er fire personar i familien. Smart, ikkje sant?

This entry was posted in: Livet, Utstyr

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Idun Stokka says

    Å så lurt! Eg er så ekstremt lite flink med slikt. Kastar anten for lite eller for mykje. Papirbildene mine (20 år gamle og yngre) – ligg framleis i øskjer i påvente av å bli sett i album.

  2. frmartinsen says

    Det hørtes lurt ut. Det er vanskelig å kvitte seg med ting det er knyttet minner til, og det er det jo med nesten alle ting.

    Men 114 kvm på fire mennesker er da slett ikke lite, et vanlig husbankhus som det het på 70-tallet.

  3. Dette er ein superduper idè, Gunda. Skal ta den med, sjølv om eg ikkje har barn. Kanskje to og to, eller fire og fire år i kvar eske for min del .. Har starta smått med litt frå dei ulike studie osv. Starta med jobbåra no. Etter snart ni år i barnehage er det eitt og anna godt minne å ta vare på. Problemet er å få kasta alt det ein ikkje skal ta vare på 🙂 Men er vel ein prosess det også. Å få kasta, meinar eg.. Klem og takk for god idè

Leave a Reply