Bokprosjekt
Comments 5

Snart er den her!

No er den like rundt hjørnet!

Den neste boka mi, Sylting og safting heile året, er til siste korrektur medan du les dette, og om alt klaffar så er den i butikkane i løpet av april! Flinke og fine GundaM har teke fantastiske bilde, så boka er verd pengane berre for å sjå dei. Å arbeide med henne er ei fryd, men det har eg sagt mange gongar no, så det veit du jo.

Eg kjem nok til å ha signering og utsending gjennom bloggen denne gongen, men først må trykkarane gjere jobben sin. Gunda og eg held pusten! 🙂

This entry was posted in: Bokprosjekt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Gratulerer! Eg har sånn sansen for det du seier om sylting av små porsjonar. I vår oppvekst var det bøttevis av bær som skulle bergast. No reknar eg med vi får lov å kjøpe ingrediensar i butikken …
    Sist eg var på norskkurs, meinte føredragshaldaren at flotte bilde ofte er ein viktig grunn til at folk kjøper kokebøker.

  2. Gratulerer til Gundaene ♥♥♥

    Gleder meg til denne boka, for safting og sylting er moro og fine bilder gir enda mer lyst til å prøve seg ☺

    Ønsker deg en God Påske!

    • -Og takk til deg for bær-bidraga! 🙂 Du blir behørig takka på «side tre».

Leave a Reply